Historisk arkiv

Forenkla reglar for levandelagring av fisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Satsing på levandelagring av villfisk kan gi auka lønnsemd i kvitfiskindustrien med jamnare tilgang på kvalitetsråstoff og gjennom å strekkje sesongen ut over året. Nærings- og fiskeridepartementet foreslår no eit nytt, forenkla regelverk for levandelagring av fisk i lengre enn 12 veker.

Satsing på levandelagring av villfisk kan gi auka lønnsemd i kvitfiskindustrien med jamnare tilgang på kvalitetsråstoff og gjennom å strekkje sesongen ut over året. Nærings- og fiskeridepartementet foreslår no eit nytt, forenkla regelverk for levandelagring av fisk i lengre enn 12 veker.

- Levandelagring av villfisk i lengre enn 12 veker (fangstbasert akvakultur) er omfatta av akvakulturregelverket. Dette regelverket er omfattande og kan føre til store omkostningar, og er i praksis ei hindring for å halde villfanga fisk levande i sjø i lengre enn 12 veker. Reglane er heller ikkje godt nok tilpassa slik verksemd. Vi foreslår derfor no eit enklare og meir tilpassa regelverk, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

- Dette er ei oppfølging av Strategi for levendelagring av fisk som eg presenterte 10. juni i år. Tiltaket kan hjelpe til at det er meir råstoff i periodar der det er langt mindre fisk tilgjengeleg. Betre råstofftilgang gjennom større delar av året kan gi til fleire, heilårige arbeidsplassar, seier Aspaker.

Departementet foreslår at fleire føresegner som gjeld for akvakultur ikkje bør gjelde for fangstbasert akvakultur. Desse er:

• forskrift om teknisk standard for flytende akvakulturanlegg (NYTEK-forskriften),
• forskrift om internkontroll for å oppfylle akvakulturlovgivingen (IK-Akvakultur),
• forskrift om slakteri og tilvirkningsanlegg for akvakulturdyr (slakteriforskriften) og
• forskrift om transport av akvakulturdyr (transportforskriften).

Forslaget til departementet inneheld bl.a. reglar om løyve, drift og slakting.