Statsbudsjettet

Forenkling på kulturfeltet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet foreslår forenkling under fleire av sine ansvarsområde. Dette er del av regjeringa sitt prosjekt for å skape ein enklare kvardag.

Frivillig sektor

Enklare reglar og mindre byråkrati er mål for regjeringa sin politikk for frivillige organisasjonar. Organisasjonane skal bruke mindre tid på administrasjon, slik at verdifull tid blir frigjort til frivillig aktivitet. Hovudgrepa for å få til dette er forenkling av statlege tilskotsordningar og auka bruk av Frivilligregisteret. 

Kulturdepartementet vil kartleggje alle statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Kartlegginga vil gje grunnlag for forenkling og samordning.

Kulturdepartementet sin rettleiar for forenkling av tilskotsordningar tilrår desse forenklingane:

  • Færre og meir konkrete mål og rapporteringskrav
  • Samordning av krav og omgrep
  • Driftstilskot blir nytta framfor prosjekttilskot
  • Mindre bruk av revisjon
  • Meir formålstenlege søknads- og rapporteringsfristar
  • Klarare språk i regelverk og kunngjeringar
  • Samordning av overlappande ordningar

 

Kulturdepartementet vil synleggjere dei forenklingstiltaka som er gjorde i statlege tilskotsordningar på departementet sin nettstad.

Innrapportering av data til Frivilligregisteret skal vere så enkelt som råd for organisasjonane, og data frå registeret skal på best mogeleg vis kunne nyttast av forvaltninga og andre. Målet er å ferdigstille ei teknisk løysing for innrapportering som vil bli implementert i løpet av 2015. Kulturdepartementet vil arbeide for auka bruk av Frivilligregisteret i statleg forvaltning.

Norsk kulturråd

Kulturdepartementet foreslår ei omlegging av postane som blir forvalta av Norsk kulturråd frå 2015. I tillegg til Norsk kulturfond, som i dag er delt inn i eittårige og fleirårige tiltak innanfor seks ulike fagområde, forvaltar Kulturrådet også post 74, som blir disponert til om lag 130 tiltak og ordningar på heile kulturfeltet. Frå 2015 foreslår ein at midlane på post 74, som går til mottakarar som kan underleggast ei kunstfagleg vurdering, blir overførte til fondet. Samstundes foreslår ein at ordninga med inndeling i eittårige og fleirårige tiltak blir avslutta. Vi får dermed ei samla fondsavsetjing innanfor kvart av dei seks fagområda allmenne kulturformål, visuell kunst, musikk, scene, litteratur og kulturvern. Dette vil gje Norsk kulturråd større fleksibilitet i forvaltninga av midlane. Det vil også gje Norsk kulturråd eit betre grunnlag for å sjå heilskapeleg på bruken av fondsmiddel og vurdere behovet for samordning og forenkling av ordningane i fondet.

Norsk filminstitutt

Regjeringa foreslår at tilskotsforvaltninga på filmområdet blir forenkla ved at Norsk filminstitutt sjølv skal fastsetje fordelinga av midlar i tilskotsordningane sine. Tidlegare har fordelinga mellom ordningane blitt fastsett av Kulturdepartementet i tildelingsbrevet til Norsk filminstitutt. Endringa gjeld heile løyvinga på 441 millionar kroner som går til audiovisuelle produksjonar via Norsk filminstitutt, og vil gje Norsk filminstitutt fridom til å disponere midlar etter behov. Dette vil gje fleksibilitet og effektivitet i tilskotsordningane. Tidlegare har ei rekke ulike tilskot, som blir forvalta av NFI, høyrt til ulike budsjettpostar. Dette gjeld tilskot til manusutvikling, regionale filmtiltak for barn og unge, innkjøpsordningar for norske filmar og dataspel til biblioteka og diverse filmkulturelle tiltak og støtte til deltaking på kurs. Desse blir no flytta til den same posten på budsjettet (Kap 334, post 50).

Plattformnøytral meirverdiavgift 

Regjeringa har sett i gang ein prosess med sikte på å notifisere ein felles, låg meirverdiavgiftssats på 8 prosent for papiraviser og e-aviser til ESA. Innføring av ein felles låg sats vil fjerne innovasjonshindringane som ligg i det avgiftsmessige skiljet mellom papir- og e-aviser vi har i dag, og vil på sikt bidra til eit enklare meirverdiavgiftsregelverk. I dag blir  papir og e-aviser omsette med ulike meirverdisatsar. Papiraviser er fritatt frå meirverdiavgift, medan e-aviser skal omsetjast med standard sats (25 prosent). Dette kan vere administrativt krevjande for avisbransjen – særleg for dei som sel abonnementstypar som omfattar både papir- og e-aviser.

Medieeigarskap

I dag er det to ulike tilsynsorgan – Konkurransetilsynet og Medietilsynet – som vurderer saker om oppkjøp og samanslåingar på medieområdet. Dette er meir ressurskrevjande enn det treng å vere, både for styresmaktene og bransjen. Regjeringa legg vekt på effektivisering og forenkling av offentlege verkemiddel og ønskjer å samle tilsynet med oppkjøp og samanslåingar på medieområdet i Konkurransetilsynet.

Regjeringa vil sende på høyring eit forslag om å erstatte medieeigarskapslova med nye reglar for oppkjøp og samanslåing av mediebedrifter. Formålet vil vere å få eit regelverk som tek omsyn til ytringsfridom og mediemangfald, men som samstundes er tilpassa Konkurransetilsynet som det handhevande organet.