Historisk arkiv

Foreslår torskekvalitetskontroll i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Frå 1. januar 2015 får Norges Råfisklag i oppdrag å drive kvalitetstilsyn i Nordland, Troms og Finnmark.

- Det er nødvendig å leggje større vekt på kvalitet dersom norsk sjømat skal hevde seg i ein krevjande internasjonal marknad. Det vil styrkje verdiskapinga på sikt, og næringa sjølv må ta eit større ansvar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Etter oppdrag frå departementet, har Mattilsynet sendt på høyring forslag om å etablere eit kvalitetstilsyn i regi av fiskesalslaga. Dette er i første omgang ei prøveordning for kvitfisksektoren i Nordland, Troms og Finnmark, som alle ligg i Norges Råfisklag sitt distrikt. Kvalitetstilsynet kjem i tillegg til Mattilsynet si rolle med å handtere mattryggleik og andre oppgåver etter matlova. Kvalitetstilsynet skal finansierast av fiskesalslaga, og det er fiskesalslaga som vurderer kva for verksemder som skal kontrollerast. Salslaga skal rapportere jamleg. Alvorlege feil og manglar skal snarast meldast til Mattilsynet.

Det skal førast tilsyn med nokre få, men viktige kravpunkt. Mattilsynet har i samarbeid med Norges Råfisklag og Nofima laga eit tilsynsskjema med ein vegleiar som inneheld krav til bløgging, sløying, skadar/kvalitetsfeil oppstått under fangst, handtering og lossing, utstyr og rutinar for fangstbehandling om bord og handtering hos mottakar på land. Det er lagt stor vekt på at både tilsynsskjemaet og vegleiaren er enkle, slik at det blir lett å drive kontroll ved landing, med vekt på krav som er viktige for kvaliteten.