Historisk arkiv

Forslag til ny adopsjonslov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Regjeringas offentlege utval som har sett på ny adopsjonslov la i dag fram si utgreiing og sine tilrådingar til statsråd Solveig Horne.

- Eg vil takke utvalsleiar Karl Harald Søvig og resten av Adopsjonslovutvalet for eit grundig og godt arbeid. Lovgivinga på adopsjonsområdet skal ivareta ei rekke ulike omsyn. Det er viktig for meg å framheve at adopsjon framfor alt dreier seg om å gi eit barn som treng det ein god og varig heim. I adopsjonsprosessen er det barnets grunnleggande interesser som skal sikrast, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Adopsjonslovutvalet sitt oppdrag har vore å gjere ein fullstendig og prinsipiell gjennomgang av adopsjonsinstituttet og ei generell vurdering av kva adopsjonslova bør innehalde. Utvalet har hatt vel halvanna år på arbeidet.

NOU 2014: 9 - Ny adopsjonslov

Sjå overleveringa av NOUen i nett-tv.

Pressemelding frå utvalet:

Adopsjonslovutvalet går inn for å lovfeste fleire av dei ålmenne vilkåra som må vera oppfylt for at ein adopsjon skal kunne gjennomførast. Utgreiinga inneheldt ein brei gjennomgang av adopsjonsfeltet og eit forslag til ein ny adopsjonslov. 

- Vi foreslår å lovfeste dei særskilte vilkåra for fleire av adopsjonstypane, slik som til dømes stebarnsadopsjon. Forslaga skal betre søkjarane si førehandsvisse, samt adopsjonsmyndigheitene si moglegheit til å handsame søkjarane likt, seier utvalsleiar Karl Harald Søvig.

Utvalet føreslår å synleggjere kva organ som har ansvar for ulike delar av adopsjonsprosessen. Utvalet føreslår også å styrkje internasjonalt adopterte born sitt krav på oppfylging etter adopsjonen. 

Utvalsleiar Karl Harald Søvig peikar på at mange adoptivfamiliar ikkje får den hjelpa dei treng i møte med det ordinære hjelpeapparatet.

- Også det førre adopsjonsutvalet meinte at oppfylginga av adoptivfamiliar ikkje var god nok, og kom med fleire konkrete forslag for å styrkje den adopsjonsspesifikke kompetansen i skular, barnehagar, hjelpeapparat og liknande. Me føreslår at alle internasjonalt adopterte og deira familiar skal ha rett på oppfylging av rådgjevarar med særleg kunnskap om adopsjon i inntil tre år etter at dei har kome til Noreg, seier Søvig.