Forsøk med stemmerett for 16-åringar i 2015

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) inviterer kommunane til å søkje om å delta i forsøk med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet neste år. Søknadsfristen for kommunane er 1. juni.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) inviterer kommunane til å søkje om å delta i forsøk med stemmerett for 16-åringar ved kommunevalet neste år. Søknadsfristen for kommunane er 1. juni.

Ved kommunevalet i 2011 blei det gjennomført forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år. 143 kommunar søkte om å delta. 20 kommunar i tillegg til Longyearbyen blei valt ut. Til saman ca. 9400 16- og 17-åringar fikk høve til å stemme.

Det nye forsøket gjeld kommunestyrevalet 2015, ikkje fylkestingsvalet. Alle kommunar kan søke. Utval av kommunar finn stad etter nærmare fastlagte kriterium. Rundt 20 nye kommunar får delta i forsøket. I tillegg skal halvparten av kommunane som deltok i 2011-forsøket vere med neste år.

Les brevet til kommunane