Friluftslivets år 2015 – søk om midlar til tiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 01.04.2014
Regjeringa gjennomfører Friluftslivets år i 2015. Gjennom denne nasjonale satsinga vil det blir arrangert mange aktivitetar over heile landet, der friluftsliv får auka merksemd.
Regjeringa gjennomfører Friluftslivets år i 2015. Gjennom denne nasjonale satsinga vil det blir arrangert mange aktivitetar over heile landet, der friluftsliv får auka merksemd.
Regjeringa la fram ein nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv i august 2013. Målsettinga er at fleire skal utøve friluftsliv jamleg, spesielt i eige nærmiljø. Strategien legg difor opp til auka bruk av by- og tettstadsnære landbruksområde til friluftsliv. Det vil også bli satsa meir på kulturminner som opplevingsverdi og motivasjonsfaktor i friluftsliv.
Friluftslivets år 2015 er forankra i den nye strategien. I samband med dette har Regjeringa oppretta ei eiga tilskotsordning for friluftslivstiltak som skal bidra til å markere året.
Landbruket – ein viktig arena for friluftsliv
Landbruksareal er ein del av nærmiljøet for mange, både i form av jordbrukets kulturlandskap og skog. Landbruksareala er viktige friluftsområde, og det er viktig å ta vare på grønstruktur, ferdselsvegar og det tettstadsnære kulturlandskapet.