Fullmakt til å ta opp statslån

Finansdepartementet foreslår ny fullmakt for statleg opplåning i 2015. Frå 1. januar 2015 blir arbeidsdelinga endra mellom departementet og Noregs Bank innan statsgjeldforvaltinga.

Finansdepartementet foreslår ny fullmakt for statleg opplåning i 2015. Frå 1. januar 2015 blir arbeidsdelinga endra mellom departementet og Noregs Bank innan statsgjeldforvaltinga.

Departementet vil reindyrke si rolle som overordna, styrande eining og Noregs Banks blir utøvande eining innanfor ramma av eit mandat. Dette er i tråd med omtale i forrige lånefullmaktsproposisjon. Det nye mandatet er omhandla i Prop. 17 S (2014-2015).

Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag av føresetnadene i forslag til statsbudsjett for 2015.