Statsbudsjettet 2015:

Fylkesvegane - auka løyvingar og utvida låne- og investeringsramme

- Løyvingane til fylkesvegane aukar sterkt med forslaget til statsbudsjett for 2015. I tillegg foreslår vi at låne- og investeringsramma for transporttiltak i fylka skal aukast frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015. Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing på å hente inn vedlikehaldsetterslepet.

- Løyvingane til fylkesvegane aukar sterkt med forslaget til statsbudsjett for 2015. I tillegg foreslår vi at låne- og investeringsramma for transporttiltak i fylka skal aukast frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015.  Fylkesvegane får med dette – til liks med riksvegane – ei sterk satsing på å hente inn vedlikehaldsetterslepet.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i samband med at regjeringa foreslår
2,1 milliardar kroner til kroner i statlege løyvingar til fylkesvegane. Dette er ein auke med over 500 millionar kroner eller 33,2 prosent frå vedtatt budsjett for 2014, der statlege  løyvingar til fylkesvegar også auka vesentleg etter regjeringsskiftet.

Samanlikna med det budsjettforslaget som den førre regjeringa la fram for 2014 er auken for 2015  på om lag 840 millionar kroner eller 67,6 prosent. Dei foreslåtte løyvingane er fordelte slik:  

Over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet
• 272 millionar kroner til fylkesvegane for å oppfylle tunnelforskrifta. Beløpet blir løyvd over rammetilskotet til fylkeskommunane  og er ein kompensasjon for meirutgifter fylkeskommunane har som følgje av krav i  ”Tunnelforskrift for fylkesveg”.  
• Ein milliard kroner til å ruste opp fylkesvegane, noko som er ein auke på 225 millionar kroner frå 2014.

Over budsjettet til Samferdselsdepartementet
• 580,4 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegane
• 221,5 millionar kroner til ordninga med rentekompensasjon for transporttiltak i fylka

Tryggare tunnelar på fylkesvegnettet
Iverksetting av ei eiga forskrift om krav til tryggleik for visse vegtunnelar på fylkesvegane og på det kommunale vegnettet i Oslo fører til at fylkeskommunane og Oslo kommune får ekstra utgifter for å gjennomføre pålagde sikringstiltak.

Regjeringa legg opp til at fylkeskommunane skal få kompensasjon for desse ekstrautgiftene, i form av løyving over rammetilskottet til fylkeskommunane. Oppfylling av krava i forskrifta skal følgje ein tidsplan der målet er å fullføre tiltaka innan utgangen av 2019. Meirutgiftene for å oppfylle krava vil variere frå fylke til fylke, og dette er det tatt omsyn til i den fylkesvise fordelinga av kompensasjonsbeløpet på 272 millionar kroner i 2015.

Utvida investeringsrammer – og  fylkesvis tildeling basert på nye kriterium
Ei rentekompensasjonsordning for transporttiltak i fylka blei innført frå 2010. I budsjettframlegget frå den førre regjeringa var rentekompensasjonsordninga foreslått fjerna, men etter regjeringsskiftet i fjor haust blei det foreslått å vidareføre ordninga med ei låne- og investeringsramme på to milliardar kroner også i 2014.

Regjeringa foreslår nå å utvide den statlege låne- og investeringsramma frå to milliardar kroner i 2014 til tre milliardar kroner i 2015.

Det årlege behovet for løyvingar til rentekompensasjon er avhengig av rentenivået. Med utgangspunkt i lånetilsagn gitt for åra 2010-2014 på i alt10 milliardar kroner og halvårsverknad av ny årleg låneramme på tre milliardar kroner, fører gjeldande rentenivå til 221,5 millionar kroner i statleg rentekompensasjon for 2015.

Den fylkesvise fordelinga av investeringsramma for 2015 er basert på nye kriterium for ny investeringsramme på tre milliardar kroner. Dei nye kriteria er baserte på 50 prosent knytt til folketal og 50 prosent knytt til veglengd.

Statleg rentekompensasjon til fylkeskommunale transporttiltak: Fylkesvise fordeling av investeringsramme for 2015, investeringsramme for 2014 og rentekompensasjon for 2015.

Fylke

Investeringsramme i 2015 – mill. kroner

Investeringsramme i 2014 – mill. kroner

Rentekompensasjon for 2015 – i 1000 kroner

Østfold

141,9

 87

  9 725

Akershus

234,7

139

15 597

Oslo

196,3

112

12 622

Hedmark

183,2

104

11 727

Oppland

 155,4

  83

  9 428

Buskerud

140,5

 92

10 212

Vestfold

112,9

 69

  7 716

Telemark

113,0

 83

  9 110

Aust-Agder

  83,7

 52

 5 804

Vest-Agder

122,0

69

7 784

Rogaland

220,2

131

14 692

Hordaland

248,4

176

19 384

Sogn og Fjordane

116,7

139

14 714

Møre og Romsdal

181,1

131

14 399

Sør-Trøndelag

190,3

118

13 174

Nord-Trøndelag

140,0

  92

10 209

Nordland

205,8

160

17 372

Troms

143,9

100

11 034

Finnmark

 70,0

63

  7 446

Sum

3 000,0

2 000

221 500