Godkjenner hytteområde i Rindal kommune

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal kommune.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner utvidinga av Langlia hytteområde i Rindal kommune.

- Eg er glad for å seie ja til kommunen sin plan om nye hyttetomter. Rindal kommune har gjort eit grundig arbeid med arealdelen av kommuneplanen. Kommunen har blant anna framskaffa eit godt kunnskapsgrunnlag når det gjeld reindrift, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Områdestyret for reindrift i Sør-Trøndelag/Hedmark hadde motsegn til arealdelen av kommuneplanen for Rindal kommune. Striden gjaldt ei planlagd utviding av eit hytteområde. Områdestyret frykta at utvidinga ville føre med seg auka ferdsle inn i kalvingsområdet for reinen, og peika på at reinen er sårbar for forstyrringar i kalvingstida om våren.

Rindal kommune meiner dei har gjort ei grundig vurdering av konsekvensane for reindrifta, og tatt omsyn til dette i planen. Blant anna har omsynet til reindrifta gjort at fleire andre hytteområde er tekne ut av planen. Det er også lagt inn ei omsynssone for reindrift som skal sikre at reindriftsinteressene blir ivaretekne i primærområdet for reindrift.

- Eg meiner omsynet til reindriftsinteressene er tilstrekkeleg ivareteke i arealdelen av kommuneplanen for Rindal kommune. Dei samla grepa i planen bidreg til ein føreseieleg situasjon for tamreindrifta, seier Sanner.

Les mer: