Historisk arkiv

Godt år for vestlandsbonden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For vestlandsbonden vart 2012 eit år med auke i jordbruksinntekta, i snitt auka ho med 14 prosent. Særleg fruktbruka hadde eit godt år, med stor auke i produksjonen og inntektene.

For vestlandsbonden vart 2012 eit år med auke i jordbruksinntekta, i snitt auka ho med 14 prosent. Særleg fruktbruka hadde eit godt år, med stor auke i produksjonen og inntektene. Nesten alle produksjonar auka jordbruksinntekta, men for sauebruka gjekk jordbruksinntekta ned.

Det viser resultatet for dei 169 driftsgranskingsbruka på Vestlandet. Driftsoverskot per bruk auka til kr 374 200, ein auke på 17 prosent. Produksjonsinntektene gjekk opp som følgje av både auke i produksjon og auke i oppnådde prisar, medan kostnadene steig meir moderat. Jordbruksinntekta er målt som vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, og enda på kr 244 600 i 2012.

Bringebær Apelsvoll

Frukt- og bærprodusentane hadde eit svært godt år med auke i jordbruksinntekta på 19 prosent. Dette skuldast både auka avlingar og auke i oppnådde prisar. (Foto: Hege Aae)