Historisk arkiv

Handelsavtale med Bosnia-Hercegovina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Stortinget har gitt sitt samtykke til å inngå handelsavtale med Bosnia-Hercegovina.

Stortinget har gitt sitt samtykke til å inngå handelsavtale med Bosnia-Hercegovina.

-Noreg har eit tett forhold til Bosnia-Hercegovina og frihandelsavtalen vil styrke dette forholdet ytterlegare, seier næringsminister Monica Mæland.

-Eg vil samstundes uttrykke mi djupaste medkjensle med alle som er ramma av den store flaumen i landet, seier Mæland.

Både frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Bosnia-Hercegovina og den tosidige landbruksavtalen mellom Noreg og Bosnia-Hercegovina er no ratifiserte.

Forhandlingane om ein frihandelsavtale vart avslutta i april 2013 og avtalen vart underskriven i juni 2013. Noreg vil gjere ferdige sine ratifikasjonsprosedyrar, slik at avtalen trer i kraft etter at Bosnia-Hercegovina har ratifisert avtalen.

-Avtalen vil medverke til å integrere Bosnia-Hercegovina i den europeiske marknaden. Eg håpar at importen frå landet vil auke som følgje av denne avtalen, seier Monica Mæland.

Denne frihandelsavtalen er ein del av den norske Vest-Balkan-politikken. Det dreiar seg om å integrere landa på Vest-Balkan i dei europeiske og transatlantiske strukturane, arbeide for politisk stabilitet i regionen, medverke til sosial og økonomisk utvikling og støtte demokratiseringa.

Gjennom avtalen får Noreg betre marknadstilgang for industrivarer, landbruksvarer og fisk. Alle industrivarer og fisk får nulltoll, med unntak av nokre veldig få fiskeprodukt der Noreg ikkje har eksportinteresser. Dette skjer etter ein nedtrappingsperiode for varer som Bosnia-Hercegovina ser på som sensitive. Avtalen sikrar at bosniske produkt får like god tilgang til den norske marknaden som andre land i Europa.

Les òg: 43 millioner kroner til flomkatastrofen i Bosnia-Hercegovina og Serbia