Historisk arkiv

Priv. til red:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Lovisenberg Diakonale Sykehus tysdag 24. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråden får høyre om planar for kapasitetsutviding og om sjukehuset sine gode resultat når det gjeld tilbodet "Raskare tilbake". Sjukehuset vil også orientere om oppgåvedeling mellom profesjonar.

Statsråden får høyre om planar for kapasitetsutviding og om sjukehuset sine gode resultat når det gjeld tilbodet "Raskare tilbake". Sjukehuset vil også orientere om oppgåvedeling mellom profesjonar.

Program 10.00-11.30
Kl. 10.00: Ankomst, Lovisenberg Diakonale Sykehus, Lovisenberggata 17, hovudinngang.

Kl. 10.05-10.15: Statsråden får ei orientering av administrerande direktør Torger Ødegaard om planar og moglegheiter for å utvide kapasiteten ved sjukehuset for å avlaste hovudstadsområdet.

Kl. 10.15-10.45: Helse- og omsorgsministeren får høyre om sjukehuset sin kveldsopne poliklinikk innan psykisk helsevern. Lovisenberg Diakonale Sykehus driv landets største Raskare tilbake-tiltak innan psykisk helsevern i Norge. Raskare tilbake er eit arbeidsretta tiltak for å hindre langvarig sjukefråvær. Lovisenberg kan vise til gode resultat – etter behandling er sjukefråværet halvert. Høie får møte ein pasient og ein av psykologane ved sjukehuset.

Kl. 10.50-11.15: Bent Høie får ei orientering om innovasjon innan kvalitetsarbeid og oppgåvedeling ved kirurgisk klinikk. Lovisenberg viser døme på overføring av legeoppgåver til sjukepleiarar og fysioterapeutar.

11.15-11.30: Tid til pressa.

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter