Historisk arkiv

Her kjem vi, Noreg!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Europaportalen

EØS-midlane

Nærare 200 spanske studentar er komen til Noreg i haust på stipend gjennom EØS-midlane. Fleire av dei kan tenke seg å bli verande.

Nærare 200 spanske studentar er komen til Noreg i haust på stipend gjennom EØS-midlane. Fleire av dei kan tenke seg å bli verande.

– Eg har valt Noreg er på grunn av den praktisk retta undervisninga ein har her, i motsetning til i Spania, seier Patricia. Ho studerer medisin ved Complutense-Universitetet i Madrid og skal vere seks månader ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

Jesús studerer juss ved Universitat Ramon Llull i Barcelona, og håpar opphaldet ved Universitetet i Oslo vil føre til nye kontaktar som vil vere viktige for vidare karriere. Medan Mario skal bli miljøingeniør:

– Eg håpar eit år ved Universitetet for Miljø- og Biovitskap i Ås kan bidra til å gjere meg attraktiv mellom anna for den norske olje- og gassektoren.

Høg arbeidsløyse
Årsakene til at dei har valt akkurat Noreg går igjen hos fleire av studentane: det norske utdanningssystemet og ynskje om internasjonal erfaring.

Høg arbeidsløyse i Spania fører til at ynskje om ein jobb i Noreg etter fullførte studiar også står høgt på lista til fleire.

Høgskular og universitet over heile landet har teke i mot dei spanske studentane som er komen.

Breidt samarbeid
Gjennom EØS-midlane har Noreg set av om lag 32 millionar kroner til utdanningssamarbeid mellom norske og spanske utdanningsinstitusjonar. Ein del av dette er set av til stipend til studentar. Utan støtte hadde det ikkje vore mogleg for dei å ta delar av utdanninga i utlandet.

I tillegg finansierer Noreg samarbeid mellom spanske og norske forskarar og forskar-team innanfor klima og miljø, migrasjon, helse med vidare. Utdanningssamarbeidsprogrammet  i Spania vert forvalta av Complutense-Universitetet i Madrid.

     Last ned: Oversikt over dei 11 norske utdanningsprogramma

Noreg finansierer liknande programmer i til saman 11 mottakarland av EØS-midlar. Norske utdanningsinstitusjonar som er interessert i å delta, kan kontakte Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) i Bergen. SIU deltar i gjennomføringa av programma og hjelper til med å finne potensielle partnarar i mottakarlanda.