Historisk arkiv

Kronikk: I dag kastar vi 190 000 brød i søpla

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

I Noreg kastar vi over ein fjerdedel av all mat som blir produsert.

16. oktober, er verdas matvaredag. Det er då på sin plass å tenkje over alle matvarene som blir produsert i verda, men som av ulike grunnar ikkje kjem til nytte. Dette er eit av dei store paradoksa vi jobbar med innanfor landbruks- og matpolitikken. Vi har som målsetting å produsere meir mat for at vi skal klare å brødfø stadig fleire folk. Samtidig har vi som målsetting å redusere eit altfor stort matsvinn.  

Vi er einige om at matsvinn er eit problem i alle ledd av verdikjeda. Det går mat til spille i primærproduksjonen (utrangerte verpehøns og poteter som ikkje er pene nok). Det går mat til spille i næringsmiddelindustrien og daglegvarekjedene kastar også mat som er gått ut på dato. Og så er det vi som forbrukarar, som kastar 46,3 kilo mat kvar kvart einaste år. 

Som politikar har eg sjølvsagt ei målsetting om at vi skal finne fram til gode tiltak i alle ledd i verdikjeda. Dette er krevjande arbeid mellom anna av omsyn til mattryggleik og distribusjon av overskotsmaten. Vi er no likevel i gang med å få på plass ei bransjeavtale for å redusere matsvinn, noko som har som mål å forplikte alle ledd i verdikjeda til å jobbe for reduksjon av matkasting.

 Utan å undervurdere min eigen makt som politikar, er det ingen tvil om at det er lettast for meg å få til endringar når det gjeld meg sjølv. Det er mykje lettare for meg å endre meg sjølv enn å endre andre, og det kvar og ein av oss gjer for å redusere matsvinnet kan til slutt bety mykje i den store samanheng.  

Eg likar å sjå på meg sjølv om ein bevisst forbrukar som kastar lite mat. Eg har hatt egg i kjøleskapet som eg har ete eit halvt år etter at best før-datoen gjekk ut, eg anar ikkje kor mange ost eg har skjært av muggen på før eg har ete han og eg har drukke mykje sur mjølk for å teste ut om han likevel fungerer sjølv om best før-datoen er forbi.  Likevel kastar eg mat kvar einaste veke. Det bestemte eg meg for å gjere noko med.

Eg starta opp med prosjektet ”dokumenter alt du kastar av mat i løpet av ei veke”. Eg tok bilete av alt eg kasta og la det ut til offentleg lesing. Eksperimentet hadde minst to viktige effektar for meg sjølv. For det fyrste kasta eg nok mindre mat fordi eg faktisk kjøpte mindre mat på butikken. For det andre; eg forstod at eg faktisk kasta meir mat enn eg trudde.

Mange bra initiativ er på gang rundt omkring i landet for å redusere matsvinnet. Firmaet ”Epleslang” samlar inn eple som elles ikkje ville bli brukt frå private hagar i Oslo, og brukar dette til å lage eplemost. 

Matsentralen distribuerer overskotsmat frå daglegvarebutikkar, grossistar og produsentar til vanskelegstilte personar i hele Oslofjord-området.

Vi treng fleire med på dugnaden til å redusere det norske matsvinnet. Eg vil anbefale nettsida www.matvett.no for dei som ønskjer inspirasjon til korleis dei kan kaste mindre mat. Der er det oppskriftar og tips til smartare forbrukaråtferd.

Eg brukar verdas matvaredag til å starte min eigen vesle kampanje den neste månaden; ”Prosjekt sparebluss”. Eg og sambuaren min skal spare alt vi kan den neste månaden, og dei pengane vi brukar på å kaste minimalt med mat skal vi putte rett inn på bustadsparekontoen.

Å redusere matsvinnet er bra for både vår eigen lommebok og for å medverke til eit bærekraftig samfunn der vi tek vare på både klima og miljø. Åå verdas matvaredag - vil vi kaste 190 000 brød i søpla. Eg og du kan i tida framover medverke til at dette talet blir litt mindre.