Historisk arkiv

Ingunn Solheim får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Ingunn Solheim (34) er journalist i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyheiter.

Vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2014 Ingunn Solheim.

Vinnaren Ingunn Solheim. (Foto: Ole Kaland, NRK)

- Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Ingunn Solheim (34) er journalist i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyheiter.

- Ingunn Solheim har som programleiar med eit ledig, men trygt handgrep, losa sjåarane gjennom to val. Ho var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka, der ho nytta kunnskapane sine både som jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest, seier leiar for juryen, Håkon Haugsbø.

Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2014: Håkon Haugsbø, Agnes Ravatn og Svend Arne Vee
Juryen består av Håkon Haugsbø, Agnes Ravatn og Svend Arne Vee (Foto: NRK)

Kulturdepartementet peika ut ny jury i fjor. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, og han har med seg Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten i Florø. Leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva gav departementet i gåve til mediesenteret ved starten for 10 år sidan.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medier, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Bakgrunnen til Ingunn Solheim

Fødd 1980, Førde i Sogn og Fjordane. Politisk journalist i NRK Nyheiter sidan 2011, og vert frå hausten programleiar for Debatten i NRK1. Ho har vore programleiar i valsendingane til NRK ved dei to siste vala, og ho var programleiar under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka i 2012.

Ingunn Solheim byrja i NRK som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane 19 år gamal. Etterpå tok ho ein bachelor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim, og arbeidde jamsides studia i P3-nyhenda og Her og No på Tyholt. Ho var med i Kanal24 frå starten av, som journalist og programleiar, og då TV2 starta Nyhetskanalen tilsette dei henne som nyhendeanker. Ho slutta der for å studere juss  og arbeidde i NRK mot slutten av studietida. Solheim var ferdig utdanna jurist i 2011 og fekk fast jobb i NRK same året.  

Markering av tvisynet

Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 27. juni, i programposten «Medietimen» på føremiddagen. Nynorsken har vore ein viktig del av demokrati- og nasjonsbygginga i Norge, og den fyrste moderne norske journalisten var Aasmund Olavsson Vinje. Under prisutdelinga deltek sambygdingen hans, Aasmund Nordstoga, med forteljingar, songar og dikt av han som sette ord på tvisynet, ein viktig eigenskap i journalistikken.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Linda Eide, NRK, var den fyrste prisvinnaren. Vidare har desse fått han: Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen, Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Astrid Brekken, NRK P2, og Njord V. Svendsen, Bergens Tidende. I 2012 delte Katrine Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende, prisen, og i fjor var det Christian Wiik Gjerde, i NRK Super, som fekk denne nynorskprisen.

Intervju med prisvinnaren

Meir informasjon om nynorskprisen for journalistar på nettsida www.nynorskmediesenter.no