Historisk arkiv

Innlegg hos "Kultureliten på Pikantloftet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Statssekretær Knut Olav Åmås, Førde, 29. april 2014

Eg er invitert hit i dag for å presentere hovudtrekka i regjeringa sin kulturpolitikk. Det gjer eg med glede!

Eg har sett fram til å møte dykk, ”Kultureliten på Pikantloftet”. Dette vert omtalt som ein møteplass for frilyndt kulturdiskusjon og kulturell utveksling. Forholda skulle altså ligge godt til rette for mange innspel og livlig debatt etter innlegget mitt. Det ser eg fram til. Gode diskusjonar om retning, innhald og prioriteringar i kulturpolitikken er sunt og produktivt. Vi vil ha takhøgd for kritikk, og tek den gjerne på utfordrande og direkte vis!

Innleiingsvis vil eg bruke ein del tid på dei gjennomgripande prinsippa i regjeringa sin kulturpolitikk. Deretter vil eg kome inn på nokre einskildområde.

Hovudlinjer i regjeringa sin kulturpolitikk

Fridom er eit nøkkelord i regjeringa sin kulturpolitikk. Vi vil gjennomføre ein fridomsreform i kulturlivet. Det betyr kort oppsummert at finansiering av kultur skal fordelast på fleire aktørar. Vi ønskjer at privat kapital skal kome sterkare inn som eit viktig supplement til sterk offentleg finansiering – ikkje i staden for dei offentlege pengane. Det betyr større geografisk spreiing av satsingar og ressursar. Og endeleg betyr det mindre regulering og færre føringar på kulturlivet sine aktørar og institusjonar. Lat meg utdjupe.

Finansiering

Dei siste åra har kulturbudsjetta auka kraftig både nasjonalt og lokalt. Det har vore bra og nødvendig for kulturlivet. Høgre har difor støtta påplussingane på det statlege kulturbudsjettet. Regjeringa la fram eit svært godt budsjett for 2014, med ein auke på 656 millionar kroner frå året før.

Solid offentleg finansiering er, og skal framleis vere, basisen for kulturlivet. Vi skal særleg støtte opp under gode og viktige kulturtilbod som ikkje klarer seg utan offentlege tilskot.

Men det offentlege kan ikkje, og bør ikkje, sørge for kulturlivet aleine. Svaret på kulturpolitiske utfordringar kan ikkje berre vere ei forventning om ein stadig auke i dei offentlege kulturbudsjetta. Det vert for einsidig. Eg trur det vil gå ut over rikdomen og fridomen til kulturlivet.

Eg er overtydd om at offentlege og private midlar kombinert med frivillig innsats vil skape det beste grunnlaget for kulturlivet.

Får vi fleire finansieringskjelder og meir privat kapital, vil det bidra til auka fridom og meir mangfald. Fleire pottar å søkje på vil bidra til at fleire gode prosjekt kan realiserast. Maktspreiing skjer ved at fleire hovud vurderer, prioriterer og bestemmer kvar innsatsen skal setjast inn.

Meir private pengar i norsk kulturliv kan skje på fleire måtar: gjennom fond og stiftingar, sponsing og reine pengegåver frå enkeltpersonar, institusjonar og bedrifter. Vi må òg sjå på kulturnæringar og kunstnarøkonomien.

Ikkje minst vil vi vere med på å dyrke fram ein sterkare kultur og mentalitet for private midlar i kulturlivet. Vi vil til livs den skepsisen ein framleis kan oppleve mot privat kapital i kulturlivet – sjølv om det har skjedd ei viss haldningsendring dei seinare åra.

Gåveforsterkningsordning

For å utløyse fleire pengegåver til kulturlivet, har regjeringa innført ei gåveforsterkningsordning.

I denne omgangen gjeld ordinga pengegåver til kunstinnkjøp i nasjonale og regionale museum med kunstsamlingar og istandsetjing av museumsanlegg. Pengegåver vil utløyse ei offentleg gåveforsterkning til mottakaren på 25 % av gåvesummen.

Vi reknar dette året som eit forsøksår. Dersom det blir ein suksess, vil vi kunne vurdere om andre område i kulturlivet kan innlemmast.

Stiftingar og fond

I tillegg til sponsing og gåver kjem private fond og stiftingar. Dette er ein sektor i utvikling. I vinter vart det til dømes lansert to private stiftingar som også vil kome kulturlivet til gode, nemleg Olav Thon Stiftelsen og Hans Rasmus Astrup Stiftelse.

Fonda og stiftingane er uavhengige av både stat og marknad, og er ein uunnverleg del av det sivile samfunnet.

Eg trur at dei mange vellukka resultata til dei private fonda og stiftingane dei siste åra, har vore med på å redusere skepsisen til privat finansiering som vi ser nokre stader i kulturlivet.

Vi vil sjå på korleis ein kan leggje enda betre til rette for framvekst og eksistens for private fond og stiftingar.

Kultur og næring

Ein del av diskusjonen om framtidas kulturpolitikk bør også vere kvar grensene bør gå. Kva er det offentlege sitt ansvar? Kva kan andre ta seg av?

Det er behov for meir merksemd rundt kultur som næring. Det som kan bere seg sjølv, bør bere seg sjølv. Vi vil overlate til marknaden det marknaden faktisk kan ta seg av.

Ein forsvarleg kunstnarøkonomi er eit viktig verkemiddel. Engerutvalet sa det slik, sitat: ”I kulturpolitikken etter 2005 har det ikke blitt gjort klare grep som kan bidra til å løse utfordringer knyttet til kunstnernes levekår.” Sitat slutt.

Vi tek denne utfordringa. Men vi vil heller snakke om kunstnarøkonomi  enn levekår, nettopp for å streke under at målet er at fleire skapande menneske i det frie feltet skal kunne hente ein større del av inntektene sine frå eige kunstnarleg arbeid. Som ledd i dette vil vi setje i gang eit forenklingsarbeid når det gjeld kunstnarane og grenseflata til det offentlege. Vi vil ha bort alt som på unødvendig vis stel merksemda til kunstnarane, og alt vi kan klara oss utan av reglar og rapportering som fører til mindre kunst som kjem borgarane til gode.

Kunnskap er nødvendig for alle partar som er involvert i utviklinga av kulturnæringar: aktørane sjølve, offentlege og private bidragsytarar, forvaltning og verkemiddelapparat. Det er behov for fakta om status og utviklingstrekk, om potensial og utfordringar og om forhold som påverkar næringane sine rammevilkår og utvikling.

Vi opprettar eit nytt kunnskapssenter for kulturnæringane for perioden 2014–2018. Sentret skal styrkje kunnskapen som skal til for å få kulturverksemder opp å stå, slik at dei som vil utvikle næring av kultur kan leve av det. Ei viktig oppgåve for sentret vil vere å formidle kunnskap til partane.

Vi har lagt inn 5 mill. kroner til sentret i 2014, vesentleg meir enn den raudgrøne regjeringa foreslo.

Eksisterande aktørar og kunnskapsmiljø skal konkurrere om å drive kunnskapssentret. Oppdraget er lyst ut med søknadsfrist 5. mai.  

Geografisk spreiing

Geografisk spreiing er ein type maktspreiing og dermed eit viktig punkt i fridomsreforma. Vi ønskjer å fordele midlar, satsingar og ressursar betre utover landet.

Vi vil dyrke fram sterke regionale kraftsenter i kulturlivet. Vi vil satse ekstra ressursar på nokre institusjonar i  byar utanfor Oslo. Konkurranse skjerpar. Fleire sterke regionar vil bidra til sunn konkurranse og kvalitetsheving. Satsinga vil òg bidra til å synleggjere det regionale og lokale mangfaldet i landet.

Vi tenkjer også regional spreiing når vi nemner opp personar til styre, råd og utval. Vi vil velje breitt. Vi vil velje nye namn i staden for å stadig gjenoppnemne dei som allereie sit i maktposisjonar. Dette skaper maktkonsentrasjonar og eit alt for snevert blikk på kva som er viktig å satse på og kva som er god kvalitet.

 

Færre føringar – mindre regulering

Det finst mykje kreativitet og kompetanse i norsk kulturliv. Det finst mykje vilje til å strekkje seg etter å tilby publikum noko enda betre, noko enda meir relevant. Vår oppgåve som politikarar er å skape gode rammevilkår for denne viljen. Eg er overtydd om at detaljstyring ikkje er vegen å gå, det kveler viljen.

Ein viktig del av fridomsreforma er å difor å leggje færre føringar på institusjonar og organisasjonar som får tilskot av staten, både innan kunst, kultur, film og frivillig sektor.

I tilskotsbreva våre har vi teke ut føringar som ikkje er i samsvar med kunstnarleg fridom. Det skal vere slutt på instrumentelle føringar. Det er kunst- og kulturuttrykket og kvaliteten som skal stå i sentrum.  

Fridomsreforma gjeld også frivillig sektor. Vi vil forenkle tilskotsordningar slik at organisasjonane kan bruke mindre tid på søknader og rapportar og meir tid på aktivitetane sine. Vi vil fjerne mange av føringane på tilskot og forenkle rapporteringa.

Så spør nokon, ønskjer ikkje regjeringa eit mangfaldig og likestilt kulturliv? Ønskjer ikkje regjeringa at kulturlivet skal vere med på å markere store hendingar og jubileum? Jo, men vi har lita tru på at vi oppnår dette med krav ovanfrå. Vi har desto større tiltru til at kulturlivet sjølv kan finne ut av korleis dette kan gjerast på best mogleg måte. Berre slik skaper vi varige resultat.

Om kulturutredningen

Med jamne mellomrom får eg spørsmål om Kulturutredninga som Engerutvalet la fram for vel eit år sidan. Kva meiner regjeringa om ho? Korleis vil vi følgje ho opp?

Engerutvalet gjorde ein brei gjennomgang av norsk kulturliv. Rapporten deira er eit nyttig grunnlagsdokument for regjeringa, men han gir ikkje nødvendigvis svar på alt vil treng å vite om kulturlivet. Likevel peikar han på fleire alvorlege utfordringar som vi ønskjer å sjå nærare på og følgje opp i tida som kjem. Eg har allereie nemnt kunstnarøkonomien.

I tillegg ønskjer vi å satse på folkebiblioteka og den lokale amatørkulturen, med andre ord frivillig kulturinnsats.

Folkebiblioteka er ein heilt sentral del av kulturtilbodet i landet vårt. Dei finst i alle kommunar. Dei er gratis og tilgjengelege for alle.

Engerutvalet hevda at biblioteka ”har vært systematisk underfinansiert og nedprioritert.” Utvalet teiknar eit bilete av folkebiblioteka som budsjettaparar og del av ein kulturell grunnmur som forvitrar.

Dette biletet vart nyansert noko gjennom høyringa av rapporten. Det står ikkje berre ille til i bibliotek-Noreg. Vi ser at mange bibliotek gir eit godt tilbod til brukarane sine. Mange bibliotek satsar på utvikling. Mange har klart å endre seg i takt med den teknologiske utviklinga.

Like fullt ga høyringsinstansane heilt klart uttrykk for at det er behov for å prioritere folkebiblioteka framover. Regjeringa tek denne utfordringa.

Vi ønskjer at biblioteka skal vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt. Vi vil at folkebiblioteka skal vere stader der lokalbefolkninga møtes. Det skal vere eit hus der ein får inspirasjon og kunnskap, der ein kan vekkje og utvikle kjærleik til bøker og litteratur. Klarer biblioteka dette, klarer dei å halde seg relevante for publikum, då vil dei vekse og utvikle seg inn i framtida.

Folkebibliotek

Det er kommunane som eig folkebiblioteka. Det er eit interessant tema å læra av dei kommunane som verkeleg har satsa på biblioteka sine! Staten ved Kulturdepartementet bidreg til folkebibliotekutvikling gjennom stimuleringsmidlar og fagleg utvikling. Nasjonalbiblioteket er departementets fagorgan på området.

Nasjonalbiblioteket forvaltar i dag ei avsetjing til prosjekt- og utviklingstiltak på 27, 6 mill. kroner som biblioteka kan søkje om.

I budsjettet for i år øyremerkte vi 12 millionar kroner til prosjekt og utviklingstiltak som fremjer biblioteket som møteplass og debattarena. Dette må sjåast i samanheng med den nye formålsparagrafen til folkebiblioteka som trådde i kraft 1. januar i år. Han seier at folkebiblioteka skal vere uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.

Kulturdepartementet er i dialog med Nasjonalbiblioteket om korleis vi kan løyse folkebiblioteka sine største utfordringar. Mellom anna har vi fått eit notat frå Nasjonalbiblioteket som skal vere grunnlag for det vidare arbeidet. Vi skal også arrangere eit innspelsseminar med biblioteksektoren i mai.

Departementet har motteke eit innspel om utlån av e-bøker i folkebibliotek frå Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket. Dei fekk i oppgåve å foreslå ulike alternativ for korleis dette kan organiserast. Dei skulle også vurdere korleis staten eventuelt kan og bør bidra.

Frivillig kulturliv

Energien i det lokale kulturlivet kjem ikkje frå bygg eller infrastruktur. Tvert imot, det er menneska som skaper og driv fram kulturen. Frivillig innsats er berebjelken i det lokale kulturlivet.

Innanfor kunst og kulturfeltet i Noreg finst det om lag 16 500 lag og foreiningar, frå kor, korps, orkester, folkedans, festivalar, historielag og mykje meir.

Frivillig sektor overlever ikkje berre på entusiasme, loddsal og kakebaking. Offentlege og private midlar og ein stad å møtes er med på å leggje til rette for aktivitet og verdiskaping. Frivillig sektor skaper store verdiar av relativt små bidrag frå offentlege og private.

Frivilligpolitikken står sentralt i Sundvolden-erklæringa. Regjeringa vil leggje til rette for at frivillige organisasjonar skal få gode vilkår.

Lokale lag og foreiningar er sjølve grunnmuren for lokal aktivitet og deltaking. Vi vil leggje til rette for at flest mogleg skal kunne delta i frivillig aktivitet. Det er særleg to ordningar som Kulturdepartementet har ansvar for, som har betyding for deltaking: Frifond og frivilligsentralane.

Som eg nemnde litt tidlegare, er det viktig for oss å understreke at også frivillig sektor er omfatta av fridomsreforma. Det betyr enklare regelverk, færre føringar og rapporteringskrav. Frivillige organisasjonar skal sjølve styre retninga og utviklinga av aktiviteten sin. Vi vil ha bort det som hindrar dei i å konsentrera seg om kjernearbeidet sitt.

Film

Dei same kulturpolitiske prinsippa skal gjelde på filmområdet som i kulturpolitikken vår elles. Vi ønskjer maktspreiing, høgare kvalitet og ei breiare finansiering.

Regjeringa har høge ambisjonar for norsk film. Norsk film har hatt ei fantastisk utvikling som vi vil bidra til å vidareføre. Som merkevare har Norsk film hatt ei positiv utvikling gjennom fleire år. Dei siste åra har norske filmar vore mellom dei mest sette filmane på kino. I fjor var årets mest sette film på kino Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa.

Løyvingane til film har auka betydeleg dei seinaste åra, og staten gir store tilskot til produksjon av norsk film. Den samla finansieringa er omfattande.

Men dei gjeldande filmpolitiske måla er omfattande og inneber ei betydeleg statleg styring av sektoren. Vi tek ikkje avstand frå tidlegare politiske mål. Men vi har eigne mål som handlar om å redusere detaljstyringa av norsk filmsektor, med færre statlege pålegg og større fridom for bransjen sjølv.

Vi har eit levedyktig norsk filmmiljø, men det treng for eksempel ikkje å vere eit mål å lage 30-40 nye norske filmar i året. Også i bransjen sjølv er det fleire som er kritiske til det svært høge volumet på nye norske filmar kvart år. Det vi no må gjere er å fokusere på kvalitet og prioritere langsiktig profesjonsbygging. Norsk film skal framleis fortelje gode historier, vinne prisar, samstundes som dei appellerer til både eit breitt og smalt publikum.

No vil vi undersøkje korleis vi på best mogleg måte kan leggje til rette for filmbransjen.

Filmpolitikken vart sist behandla av Stortinget i 2007. Sidan den gongen har det skjedd vesentlege endringar på film- og tv-feltet. Ikkje minst har den digitale utviklinga medført store endringar i produksjon, distribusjon og sal. Dette har igjen hatt store konsekvensar for finansierings- og forretningsmodellane.

Difor er det behov for ein større gjennomgang av filmpolitikken. Ikkje minst er dette nødvendig for å minske den statlege styringa og for å sikre fornuftig ressursbruk og ein meir målretta bruk av verkemidla.

Det er mellom anna behov for å analysere effekten av dei gjeldande tilskotsordningane til film. Vi vil vurdere kva for tiltak som må til for å sikre ei effektiv og formålstenleg bruk av dei offentlege midlane. Midlane til film er i dag bunde opp i ei rekkje ulike tilskotsordningar, som gir liten fleksibilitet i forvaltninga av midlane.

Målet er å leggje best mogleg til rette for norsk filmproduksjon av høg kvalitet. Og det er difor vi har sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om film. Vi tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2015.

Vi har sett i gang to eksterne utgreiingar. Den eine tek for seg insentivordningar for film i andre land. Vi har nyleg fått denne utgreiinga og ho er sendt på brei høyring. Den andre utgreiinga skal sjå på utvikling, økonomi og pengestraumar i norsk filmbransje. Vi ventar rapporten i august. Også denne skal sendast på brei høyring.

Vi er opptekne av spissing og kvalitetstenking for norsk film. Men kva er kvalitet? Vi har ingen planar om å definere omgrepet. Definisjonen av kvalitet og diskusjon om kva som ligg i omgrepet, må kome nedanfrå.  Frå bransjen. Vi meiner at bransjen sjølv er i stand til å skape dei gode filmane, så lenge dei slepp å ta omsyn til anna enn eigne krav til kvalitet og kreativitet.

Likevel, vi ser at mange av dei norske kvalitetsfilmane med kunstnarlege ambisjonar ofte endar opp med svært lave publikumstal på kino, og at dagens system kan vere til hinder for at smale filmar får moglegheit til brei kinodistribusjon. Vi ønskjer å sjå nærare på korleis gode norske filmar kan få eit større publikum.

Vi ønskjer også å leggje meir vekt på næringsaspektet ved film. I tillegg til å sjå på korleis gode norske filmar kan få eit større publikum her heime, vil vi sjå på korleis ein kan nå eit stort publikum også utanfor våre landegrenser. Det krev ei offensiv haldning og kvalitativt gode produkt.

Språk

Språket er utan tvil vårt fremste kulturuttrykk og identitetsmerkje. Dét trur eg de i Sogn og Fjordane er ekstra medvitne om som nynorskfylke og språkfylke.

Regjeringa vil leggje til grunn det utvida perspektivet på språkpolitikken som vart skissert i den språkmeldinga Stortinget behandla i 2009. Dette betyr at språkpolitikken omfattar fleire samfunnsområde enn det den tradisjonelle språkpolitikken har gjort, og at språkpolitiske omsyn blir tekne med i utforming av sektorpolitikken.

Det utvida perspektivet omfattar såleis opplæring og utdanning, integreringspolitikk, kommunikasjon mellom det offentlege og publikum og mykje, mykje meir.  Ansvaret ligg med andre ord også hos fleire ministrar enn kulturministeren.

Dette gjer språkpolitikken utfordrande. Men eit slikt utvida perspektiv er naudsynt skal ein nå dei måla det synest å vere brei partipolitisk semje om, nemleg å sikre det norske språket sin status og bruk på alle samfunnsområde.

Norsk er, på linje med fleire andre nasjonalspråk, under press. Ein framtidsretta språkpolitikk må difor leggje bak seg strid om rettskriving og forholdet mellom målformene, noko som prega tradisjonell språkpolitikk. I staden må ein sjå på dei totale rammevilkåra og utviklingsmoglegheitene for språket. Språkpolitikken må byggje på medvit om verdien av språket vårt og ein aktiv innsats for å styrkje det.

Lat meg skissere nokre retningar og tiltak:

  • Skulen er heilt grunnleggjande for å lære og utvikle språket. Regjeringsplattforma slår fast at vi vil prioritere elevane sine skrive- og leseferdigheiter gjennom heile skuleløpet.  Ho varslar også ein gjennomgang av heile norskfaget for å styrkje det som språkfag, og for å gjere sidemålsundervisninga meir engasjerande for elevane.
  • Regjeringsplattforma slår fast at evna til samfunnsdeltaking er særleg knytt til gode norskkunnskapar. Norskopplæring er dermed også ei kulturpolitisk målsetjing.
  • Uklart forvaltningsspråk er i seg sjølv uelegant og døme på at det offentlege ikkje tek ansvar som språkleg førebilete. Det kan også vere eit demokratiproblem. Regjeringa har trappa opp arbeidet med eit betre og meir forståeleg offentleg språk. Kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner har nyleg sett av nær 1 mill. kroner til eit pilotprosjekt for å fremje klart språk i kommunane.
  • Det er eit verdifullt mangfald at vi har to norske skriftkulturar og to norske språk i levande bruk. Vi må innrette oss slik at kvar enkelt opplever det nettopp slik – som noko verdifullt – ikkje som eit irritasjonsmoment eller ein trussel. Her har vi nok ein veg å gå.

Kulturministeren og eg ønskjer ein open og frimodig debatt og klare tilbakemeldingar Vi ønskjer innspel om kulturlivet og kva rolle staten bør ha i det, kva som fungerer, kva som ikkje fungerer. Eg ser fram til innspel og kritisk debatt.