Historisk arkiv

Innlegg på JPI FACCE-konferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit til dykk i dag og tusen takk for at de arrangerer ei konferanse som dette.

I invitasjonen/presentasjonen av konferansen er det å lese følgjande: ”Mange har sikkert hørt forkortelsen JPI FACCE, uten helt å vite hva det er”. Eg kan i alle fall skrive under på at eg ikkje hadde aning om kva forkortinga stod for då eg fyrst høyrte om denne konferansen. Men det viser seg også at lange forkortingar kan skjule eit viktig innhald, så har vi sikkert ein jobb å gjere alle saman med å synleggjere moglegheiter som ligg der i både dette forskingssamarbeidet og andre initiativ og program på forskingsområdet. 

Og det er eit mylder av forskingsprogram der ute – både nasjonalt og internasjonalt. Me har program innanfor Forskingsrådet, me har forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for Forskningsavgift på landbruksprodukt, regionale forskingsfond, og me har Horisont 2020 og ERA-net, og så har me det me skal lære meir om her i dag, Fellesprogrammer eller JPIer. Det er ikkje rart at enkelte mistar oversikta, og i blant kan det kanskje også vere lettare å halde seg i Noreg – for det er jammen nok å halde styr på her. For mange kan det å rette blikket utover bli sett på som veldig utfordrande. Det kan krevje ein del ekstrainnsats å jobbe fram søknadar og finne samarbeidspartnarar i andre land. 

Likevel er det ekstremt viktig at me klarar å samarbeide på tvers av landegrensene. Det høyrast ut som ein politisk klisjé. Eg veit det. Men det går meir og meir opp for meg at lokale og globale utfordringar er to sider av same sak. Vi opererer ikkje isolert i Noreg, og sjølv om det er ulike utfordringar land står ovanfor, er det inga tvil om at utfordringane får konsekvensar for oss alle.

Kva me gjer her i Noreg får konsekvensar internasjonalt. Kva dei gjer i andre land får også konsekvensar for oss – både på godt og vondt. Vi er ikkje åleine med utfordringane – og vi kan heller ikkje finne svar på alle utfordringar åleine.

Det er sjølvsagt naturleg for meg i dag å rette blikket mot New York. I New York er det i dag toppmøte om klima, der statsleiarar over heile verda er samla for å finne nye tiltak og forsøke å kome fram til nye utslippsmål. Klimaendringane kjem til å påverke norsk og internasjonalt landbruk, og det er kanskje det feltet der det kjem klarast fram at vi jobbar med felles utfordringar, sjølv om konsekvensane av endringane er ulike frå land til land og frå verdsdel til verdsdel.

Vêret dei siste femten åra har medført dramatisk nedgang i norsk kornkvalitet, til dels med store angrep av soppen fusarium. I fjor opplevde grønnsakprodusentar i Lågenvassdraget at avlinga vart teke av flom, medan kornhausten  på Austlandet regna bort. I år blir varmerekordar over heile landet knust, og sjølv om både gras- og kornavlingar varierer, ligg det an til rekordhaust fleire stader i landet. Det svingar sjølvsagt år for år, men eit meir uføreseieleg klima gjer jordbruket generelt meir sårbart.

I Noreg kan et varmare klima ge nye muligheiter. Me kan ta i bruk nye sortar og nye areal til matproduksjon. Eg har til og med høyrt om bønder som dyrkar vindruer, og det vil me kanskje sjå meir av framover. Då er det jo kjekt å dra nytte av den kunnskapen sørlegare land har bygd opp på dette området. I andre land er dei bekymra for at dei ikkje har nok vatn og nokon er bekymra for at landet deira bokstaveleg talt skal drukne.

Når utfordringane er så globale, treng me global kunnskap. Me treng å samarbeide om forsking på tvers av landegrensene for å ha kunnskap om korleis me møter alle desse utfordringane.

Me veit til dømes at planteskadegjerarar likar varme og fuktighet. Skadegjerarar som til no har vore avgrensa til områder lengre sør i Europa, vil kunne komme til Noreg og etablere seg. Dei vil kunne forårsake kvalitetsskade, endringar i kulturlandskapet og få konsekvensar for biodiversitet. Her er det sjølvsagt at me treng kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling i lag.

I løpet av 20 år blir me ein million fleire menneske som bur i Noreg. I Noreg som i andre land er målet auka matproduksjon. Skal vi auke matproduksjonen, treng vi kunnskap om korleis vi skal gjere dette.

For å sikre at det er nok mat og at maten er trygg, må vi være med på den globale kunnskapsoppbygginga rundt dette. Me må bidra med den kunnskapen me har og me må lære av andre.

Soppgifter i korn har blitt eit aukande problem for norsk og andre lands landbruk dei siste åra. Både i havre og kveite er det soppartar innan slekta Fusarium som produserar dei farlige giftstoffa. 

Ei forskingsgruppe ved Bioforsk har avslutta eit prosjekt der dei har kartlagt genar hjå sopp som gjer stor skade i havre. Forskarane har mellom anna etablert ein metode i veksthus så dei kan kontrollere korleis soppen spreiar seg i havre. 

Redusert jordarbeiding og einsidig korndyrking synest å auke førekomsten av soppen. Vêrforholda i vekstsesongen har også stor innverknad. Alle muggsoppar er avhengig av fukt for å vekse. Fuktige somrar er difor eit problem. 

Eitt av tiltaka mot dette er omfattande varslingssystem. Forskarane har utvikla modellar som gjer det mogleg for bonden å vurdere om kornet vil få store mengder giftstoff eller ikkje. Bonden kan legge inn informasjon om mellom anna dato for såing og kornsort på ei internettside utvikla av Bioforsk. På grunnlag av desse opplysningane samt lokale vêrdata frå Bioforsk sine vêrstasjonar, får bonden vite om det er behov for sprøyting. 

Bioforsk sine modellar og teknologi kan også tilpassast produksjon i andre land. Dette er eit eksempel på at norsk kunnskap kan bli brukt globalt. 

I tillegg til å sørgje for nok mat, er det også viktig at vi sørgjer for trygg mat. Sjukdommar på dyr og plantar held seg ikkje innanfor grenser. Dei kryssar grenser. Sjukdommar smittar også frå dyr til menneske. Og enkelte sjukdommar kan smitte mellom menneske. Vi kan bli sjuke av maten vi et. Det er vel neppe situasjonar der landbruket får meir oppmerksemd enn når det gjeld utbrot av sjukdommar. Forsking og kunnskapsutvikling er viktig for å sikre at maten vi et er trygg.

Vi hugsar alle kugalskap. Eller det vil sei, eg hugsar ikkje då det oppstod i 1986, men eg har høyrt om det seinare. Der var det altså prioner (ørsmå smittestoff) i kjøttbeinmjøl framstilt av drøvtyggarar, brukt i fôr til drøvtyggarar som var årsaka. Smittestoffet oppstod i samanheng med endring av destruksjons- og produksjonsrutineer for kjøttbeinmjøl i 1980-1981. Så vidt eg har forstått var det nokon som fant eksisterande metode for kostbar. Det resulterte i at prionproteinet ”overlevde” i kjøttbeinmjøl.

Dette fekk enorme konsekvensar for husdyrnæringa i Storbritannia. Enorme mengdar storfe vart destruert. Fleire menneske har døydd av sjukdommen. Sjukdommen smitta på tvers av landegrenser. Det som skjedde i eitt land fekk konsekvensar for resten av verda.

No ser vi en bekymringsfull utvikling der antibiotikaresistens er ein aukande trussel. I EU/EØS-området er det rekna på at smitte av multiresistente bakteriar er ansvarlig for 25 000 dødsfall kvart år.

Dette er ei utfordring me ikkje kan løyse nasjonalt. Vi kan heller ikkje løyse det isolert innanfor helsevesen eller landbruk. Antibiotikabruk i husdyrhald får konsekvensar for den globale helsesituasjonen hjå menneske. Kva dei gjer i Nederland eller Danmark får konsekvensar for oss. Dette er eit ekstremt godt eksempel på at det er viktig med forskingssamarbeid på tvers av grenser og på tvers av sektorar.

Noreg er best i klassen når det gjeld antibiotikabruk hjå dyr. Vi har lågast bruk i EU, og vi har som målsetting å halde bakterien MRSA unna svinebesetningene. Det er ein strategi vi langt på veg lukkast med.  Men kva dei gjer i andre land påverkar oss –  mellom anna ser vi det innanfor kyllingproduksjonen der vi importerer avlsmateriale frå andre land og der kyllingane utviklar antibiotikaresistens.

Nokon tek til orde for at vi skal hermetisk lukke oss inne, men det er umogleg. Vi må samarbeide. Vi fekk ein rapport om antibiotikaresistens tidlegare i år, og den peiker på kunnskapshol på dette området. Her er det behov for internasjonalt samarbeid og internasjonal forsking for å finne både årsaker, konsekvensar og løysingar på denne utfordringa.

På dette området er det ein egen JPI, JPI AMR (The microbial  challenge – An emerging threat to human health), som er veldig relevant for norsk landbruk. 

No har eg peika på nokon av dei store utfordringane i Noreg – og i Europa. Og i verda. Store samfunnsutfordringar er nettopp bakgrunnen for dei totalt 10 felles europeiske program-satsingane (Joint Programming Initiatives (JPI’ene) som er starta opp, der JPI-FACCE er en av de. 

Internasjonalt samarbeid er spesielt viktig på område der land har felles utfordringar, for eksempel når det gjelder matsikkerheit, klima, miljø og helse. Utfordringar, som dette, blir best løyst i fellesskap og med samarbeid. Eit rikt land som Noreg, bør nærast vere forplikta til å delta i internasjonal kunnskapsoppbygging for å løyse dei samfunnsutfordringane verda står ovanfor. Dette er bakgrunnen for at Noreg har vald å delta i alle dei 10 JPI’ene.  

I tillegg til å bidra til å løyse felles utfordringar, vil deltaking i JPI’en legge grunnlag for nettverksbygging og kompetanseheving som er viktig for at forskningsmiljøa skal auke sine moglegheiter for å hevde seg i konkurranse om forskningsmidler, både på nasjonale konkurransearenaer og ein større arena som Horisont 2020.

Regjeringa la tidligare i år frem ein strategi for forsknings- og innovasjonssamarbeid med EU. Strategien tydeleggjer hovedmålsettinga for norsk deltaking i Horisont 2020 og det Europeiske forskningsområdet (ERA). 

Strategien gir mange gode argument for samarbeid, for eksempel heve kvaliteten på norsk forskning og bidra til ei meir bærekraftig samfunnsutvikling. 

I tillegg til argumenta for deltaking, fastsett også EU-strategien et konkret ambisjonsnivå for norsk deltaking i Horisont 2020. Målsetninga er at to prosent av dei konkurranseutsette midla i Horisont 2020 skal tilfalle norske aktørar. Dette vil krevje ei auke i deltakingsnivået på i overkant av 60 prosent sammenlikna med 7. rammeprogram.

Det er eit ambisiøst mål, men me meiner det er mulig dersom alle sektorar mobiliserar  -  universit og høgskular, forskningsinstitutt, helseforetak og næringsliv. For å nå målet må også dei landbruks- og matfaglege forskningsmiljøa heve sitt ambisjonsnivå og engasjement når det gjeld internasjonalt forskningssamarbeid. 

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det, i tillegg til alle gode argument for internasjonalt samarbeid, også er eit økonomisk bakteppe bak ambisjonane om å auke norsk deltaking. Horisont 2020 har ei økonomisk ramme på 77 milliardar Euro. For at Norske forskningsmiljø skal få mogelegheit til å vere med å konkurrere om desse midla, har Noreg forplikta seg til å betale opp mot 18 milliardar kroner i løpet av programperioden. Dette ligg utvilsamt som eit bakteppe for den nye EU- strategien. Det er mykje pengar og det er viktig å ha høge ambisjonar for å få att for innsatsen.

Eg har registrert at ingen norske søkarar kom med i dei siste nye JPI FACCE- prosjekta. Me er inne i ein læringsprosess. Kva kan og må me gjera annsleis for å nå opp med søknadane?  Vil styrking av dei landbruksfaglege miljøa gjennom Campus Ås bidra til et løft slik at vi står endå sterkare rusta til å nå opp i konkurransen? 

For å lykkast, må alle bidra med sitt. Regjeringa må sørgje for verkemidel som sikrar fortsatt høg kvalitet på norsk forsking og incentiv for internasjonalt samarbeid, Forskningsrådet må fortsette sitt gode arbeid med å mobilisere og legge til rette for deltaking, og forskningsmiljøa må engasjere seg og gå inn i dette med full tyngde. 

Me kan ikkje isolere oss frå ytre påvirking – me er ein del av den globale utviklinga, på godt og vondt. Verken klimaendringar eller smittestoff tek omsyn til landegrenser. Me kan ikkje, har ikkje, kapasitet sjølv til å produsere all nødvendig, etterspurt kunnskap. 

Internasjonalt samarbeid er krevjande. Det trur eg rundane i New York i dag vil viser. Det viser også andre forhandlingar på tvers av landegrensene. Politikk tek tid – spesielt tek det tid internasjonalt. Men det som er heilt sikkert er at vi treng forsking og kunnskap i botn for å ta gode politiske beslutningar. Den kunnskapen må i enda større grad vere internasjonal. 

Det er mykje me er gode på i Noreg og som kan danne grunnlag for gode forskingsprosjekt i Europa. FoU-samarbeid med Europa styrkar norsk jordbruk. Men me må også ha tru på at norsk kunnskap og kompetanse skal styrke jordbruket i resten av Europa.