Innspelsmøter til nasjonal dialogkonferanse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 20.08.2014
I dag arrangerer Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet det fyrste av fire møter rundt i landet for å få innspel til regjeringas årlege dialogkonferanse for å styrke dialogen med innvandrarbefolkninga.
Føremålet med samlingane er å innhente innspel til tema og problemstillingar i tråd med regjeringas ynskje om å få eit reelt bilde av utfordringar og spørsmål som bør takast tak i. Til samlingane er det invitert 10-15 lokale innvandrarorganisasjonar og ressurspersonar med innvandrarbakgrunn.
Dei fire innspelsmøta arrangerast:
20. august i Bergen
21. august i Sarpsborg
23. august i Bodø
27. august i Oslo.
Tema og problemstillingane som kjem opp her vil danne bakteppet for den fyrste årlege dialogkonferansen i Oslo 29. oktober.