Historisk arkiv

Introduksjonsordninga ti år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Det er ti år sidan nykomne flyktningar gjekk frå å vere passive sosialhjelpsmottakarar til å bli aktive deltakarar i kvalifiseringsprogram. Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) meiner det er verdt å markere.

Då introduksjonslova tredde i kraft 1. september 2004 var det den første lova som regulerte integreringsarbeidet i Noreg. Introduksjonslova sette på den måten kvalifiseringsarbeidet i eit system, og har spela ei viktig rolle i norsk integreringspolitikk. Personar som har fått lovleg opphald i landet skal møtast med krav om å bidra og delta i det norske samfunnet.

- Deltaking i arbeidsliv og gode norskkunnskapar er nøklane til integrering i samfunnet. Å delta i arbeidslivet er viktig for å oppnå økonomisk sjølvstende, sjølvrealisering og likestilling. Men for mange vil gode norskkunnskapar vere ein føresetnad for å få jobb. Derfor er introduksjonsordninga så viktig, seier statsråd Solveig Horne (FrP).

Kvifor introduksjonsordning?

Det var dåverande kommunalminister Erna Solberg som fremja forslaget om introduksjonslova som vart vedtatt sommaren 2003. Føremålet med ordninga var å styrke moglegheita for å delta i yrkes- og samfunnslivet for flyktningar som nyleg var komne til landet. Med lova fekk kommunane også ei betre rettsleg ramme i sitt integreringsarbeid. Ein ville unngå ei lang dødperiode i kommunane etter busetting og gi eit skikkeleg tilbod om innføring i norsk språk og samfunnsliv.

Introduksjonsprogrammet skal ligge så tett opp til deltaking i arbeidslivet som mulig. Alle kommunar har plikt til å tilby introduksjonsprogram til dei som har behov for det, og alle nykomne innvandrarar har plikt og rett til å delta. Ulegitimert fråvere frå programmet vil føre til trekk i introduksjonsstønaden på lik linje med at du ikkje får løn dersom du skulkar frå jobben.

10-års markering

1. september markerer Integrerings- og mangfaldsdirektoratet 10-årsjubileet for introduksjonslova med ein fagkonferanse. Målet med konferansen er å gå gjennom utviklinga dei siste ti åra, men også å identifisere korleis introduksjonsordninga kan utviklast for å oppnå betre resultat og kvalitet i framtida.

- Introduksjonsordninga har vist seg som ei god metode for å bidra til at flyktningar vert integrerte, men det er stadig rom for forbetringar. Enda fleire nykomne flyktningar må fullføre programmet, og enda fleire må gå over til arbeid og/eller utdanning. Det er også eit mål for regjeringa å få fleire minoritetskvinner i arbeid. Det er god likestillings- og integreringspolitikk, seier barne-, likestillings- og inkluderingsministeren.

- Det er viktig å nytte dagen til å takke alle ute i kommunane som gjer jobben med introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Sjølv om det stadig er utfordringar er det mange kommunar får dette til, og det er viktig å lære av kvarandre, seier Solveig Horne.