Kandidatane til Bygdeutviklingsprisen 2014 klare

Vinnarane av dei fylkesvise bygdeutviklingsprisane kjempar om Innovasjon Norges nasjonale Bygdeutviklingspris for 2014 på 250 000 kroner. No er alle kandidatane klare. Prisen vert delt ut under ei tilstelning i den norske ambassaden i Berlin torsdag 15. januar 2015 i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin.

Bygdeutviklingsprisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke. 

Kandidatane vert vurdert etter

  • Nyskaping/originalitet
  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.
Moer Gård og Norwegian Antibodies AS vant BU-prisen 2013. Statsråd Sylvi Listhaug og administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for overrekkinga av prisen.
Moer Gård og Norwegian Antibodies AS vant BU-prisen 2013. Statsråd Sylvi Listhaug og administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for overrekkinga av prisen. (Foto: @Christian T. Joergensen/EUP-Berlin.com)