Historisk arkiv

Kjuklingproduksjonen i februar fell som normalt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det vart klekt færre kjuklingar i februar enn januar som følgje av at det er færre dagar i februar enn januar. Samanlikna med same månad i fjor er produksjonen av slaktekjuklingar og kalkunkjuklingar høgare i år.

Det vart klekt færre kjuklingar i februar enn januar som følgje av at det er færre dagar i februar enn januar. Samanlikna med same månad i fjor er produksjonen av slaktekjuklingar og kalkunkjuklingar høgare i år.

I februar vart det klekt 467 000 verpekjuklingar. Dette var ein nedgang på 36 prosent frå januar, men berre 3,5 prosent lågare enn i februar i fjor. Produksjonen av kjuklingar fell normalt i februar, som følgje av at det er færre dagar i februar enn i januar. Samla produksjon er så langt i år om lag like stor som i same periode dei to siste åra.

Færre slaktekjuklingar i februar enn i januar
Det vart klekt 7,6 prosent færre slaktekjuklingar i februar enn i januar, men framleis 30 prosent fleire enn det har vore i dei to førre februarmånadene. Det er venta at produksjonen i mars og vil bli høgare enn tidligare år. Så langt i år ligg produksjonen over 20 prosent høgare enn både i 2013 og i 2012.

Produksjonen av kalkunkjuklingar tek seg opp
Produksjonen av kalkunkjuklingar var på 106 000 dyr i februar. Dette var ein nedgang frå januar på 19 prosent, men talet var høgare enn dei siste åra. Samla produksjon ligg per februar nesten åtte prosent høgare enn i fjor, og to prosent høgare enn i 2012.

Om Statens landbruksforvaltning
Statens landbruksforvaltning set landbruks- og matpolitikken ut i livet og er eit støtte- og utgreiingsorgan for LMD.