Klima + Vekst = Sant

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Forsking og innovasjon er sentralt om vi både skal sikre ei klimavenleg framtid og framleis ha økonomisk vekst. Det var hovedbodskapet på ein konferanse på Noregs Hus i Brussel 10. oktober.

Kunnskapsminster Torbjørn Røe Isaksen, internasjonal direktør i Noregs forskingsråd, Kristin Danielsen, og direktør for DG RTD, Robert-Jan Smits under klimakonferansen på Noregs hus. Foto: Anders Aalbu, EU-delegasjonen.

Forsking og innovasjon er sentralt om vi både skal sikre ei klimavenleg framtid og framleis ha økonomisk vekst. Det var hovedbodskapet på ein konferanse på Noregs Hus i Brussel 10. oktober.

Konferansen arrangert av Noregs delegasjon til EU og Forskingsrådet drøfta om ein både kan skape ei framtid med langt mindre utslepp av klimaskadelege gassar og på same tid ha økonomisk vekst. Eit klart bodskap var at innovasjon og vitale forskingsmiljø er ein viktig ingrediens i den klimavenlege framtida.

Klima ein klar prioritet
På konferansen presenterte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen Noreg sin nye langstidsplan for forsking og høgare utdanning. Her er forsking og innovasjon knytta til klimaendringane ein klar prioritet. Klima er òg ein prioritet i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon – Horisont 2020, der det no arbeidast med utlysingar for 2016-2017.

Eit viktig bakteppe for konferansen var to viktige rapportar. FNs klimapanel – IPCC – vil snart legge fram sin femte hovudrapport. Den globale kommisjonen om økonomi og klima, som Noreg har vore med å etablere, la nyleg fram ein rapport om  den nye klimaøkonomien. Rapporten meiner at det ikkje er noko motsetning i at land på alle nivå av utvikling både kan ha økonomisk utvikling og på same tid redusere risikoen for klimaendringar.

Ny norsk forskingssatsing
Statsråd Røe Isaksen presentere først den nye langsiktige planen for norsk forsking og høgare utdanning. Målet er å sikre stabil finansiering over ti år innanfor prioriterte områder. Det skal utviklast meir konkrete prioriteringar gjennom perioden.

Denne planen er ikkje berre ord. Den inneheld også klare forpliktingar over fleire år. Det er det som gjer den unik. Målet er å blir eit av dei mest innovative landa i Europa. Kunnskap skal bli drivkrafta i norsk økonomi og vi må over tid bli mindre avhengig av olje, sa Røe Isaksen.

Statsråden understreka at det fins andre tilsvarande planar i Europa, men ingen som tar føre seg både forsking og høgre utdanning. Statsråden var optimistisk, og meinte at forsking og innovasjon kan bidra til samfunn med både lave karbonutslepp og fortsatt økonomisk vekst.

Eit innovativt Europa
Robert-Jan Smits er generaldirektør i Generaldirektoratet for forsking og innovasjon (DG RTD) i Europakommisjonen.  Han var bekymra over at fleire europeiske land kuttar i forskingsbudsjetta sine, når ein veit at økonomisk vekst, forsking og innovasjon heng saman. På same tid aukar land som Kina sine løyvingar kvart einaste år.

Alle snakkar om tiltak for å skape innovasjon, men ikkje alle gjennomfører. Den økonomiske krisa har ikkje gjort det lettare, men vi ser at Tyskland er eit klart føregangsland. Noreg har gode mogelegheiter i åra framover. Mellom anna har talet på doktorgrader dobla seg på ti år, noko som vil seie at den norske arbeidsstokken held god kvalitet. Men det er rom for forbetring. I dag brukar Norge rundt 1,65 prosent av BNP på forsking og innovasjon, noko som er relativt lavt i europeisk samanheng, sa Smits.

Generaldirektøren understreka at ny teknologi er svært viktig i en økonomi som stagnerer. Kommisjonen arbeider no med å få forsking og innovasjon integrert i dei økonomiske modellane som finansdepartementa bruker når dei skal modellere økonomisk utvikling framover.

Ein ny klimaøkonomi
«New Climate Economy» er flaggskipet til den globale kommisjonen for økonomi og klima. Prosjektet ser på økonomisk nytte og kostnadar knytta til klimatiltak. Professor Måns Nilsson er medlem i styret, og i tillegg forskingsdirektør ved Stockholm Environment Institute.

Økonomisk vekst må ikkje innebere store utslepp slik som tidlegare. Det er mogleg å sikre både lågare klimarisiko og økonomisk vekst, fortel Nilsson.

Det er fleire konkrete og klimavenlege måtar ein kan effektivisere økonomien og skape nye inntektskjelder gjennom innovasjon. Prosjektet har sett på tre viktige sektorar i økonomien – byar, energi og bruk av land. Nilsson la særskilt vekt på energi, fordi fleire typar fornybar energi no er konkurransedyktige. Vindturbinar generer til eksempel 100 gongar meir kraft enn dei gjorde for 30 år sidan, og kostnaden på solcellepanel har gått dramatisk ned.

På same stund har bruken av kol auka. Mellom anna er helsekostnadane store ved dette. Å kutte subsidiar til fossile brennstoff, sikre ein internasjonal klimaavtale, oppskalere forsking og innovasjon innanfor miljøvenleg teknologi og stoppe avskoging er eksempel på grep forskarane meiner er viktig i den vidare klimainnsatsen.

Norsk klimaforsking og innspill til vidare innsats
Noregs forskingsråd og norske forskarar bidrog med sitt syn på mogelegheiter og utfordringar.  Noreg er no det landet i verda som har høgast produksjon av akademiske artiklar om klima.

Gjennom mange langsiktige prosjekt ønskjer vi å styrke forskingsmiljøa og kunnskapsbasen i Norge ytterlegare, fortalde direktør Fridtjof Unander i Forskingsrådet.

På konferansen var det norsk deltaking frå Bjerknes-senteret i Bergen, Senter for internasjonal klima- og energipolitikk (CICEP) og DNV GL. Behovet for å handle no om vi skal klare å halde oss under to grader temperaturauke i verda blei understreka. Eit poeng var det kan vere betre å gjennomføre dei nest beste klimatiltaka enn å ikkje handle i det heile tatt. Samfunnsvitskap kan bidra til å skape global endring i klimapolitikken.

Det var eit særleg fokus på hav under konferansen. Noreg har bidrege til eit stort, europeisk fellesprogram om havet – «JPI Oceans». Betydinga av friske hav og innovasjon for å sikre dette og framtidig verdiskaping vart lagt særleg fokus på.

Avslutningsvis understreka internasjonal direktør i Noregs forskingsråd, Kristin Danielsen, behovet for forskingssamarbeid med EU om dei grenseoverskridande klimautfordringane. Kommisjonen sa at dei vurderer eit nytt forskingspolitisk initiativ – ‘Klimasmart Europa’. Dette kan byggja vidare på IPCC og Horisont 2020 og utvikle vegar til eit samfunn med låge karbonutslepp.