Klima- og miljøministeren forslår fengselsstraff for ulovleg eksport av avfall

Store mengder avfall og farleg avfall sendast årleg frå Europa til land i Asia og Afrika. Eit omfattande internasjonalt regelverk regulerar eksport av avfall. Brot på dette regelverket vil kunne straffast med inntil to års fengsel.

Store mengder avfall og farleg avfall sendast årleg frå Europa til land i Asia og Afrika. Eit omfattande internasjonalt regelverk regulerar eksport av avfall. Brot på dette regelverket vil kunne straffast med inntil to års fengsel.

I dag fremmast framlegget om endring av forureiningslova og straffeprosesslova. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft foreslår å auke strafferamma til bøter og inntil to års fengsel for ulovleg grensekryssande transport av avfall. Framlegget vil også gjere forsøk på- og medverknad til- ulovleg eksport av avfall straffbart, både om den er aktlaus eller forsettleg.

- Med dette framlegget vil eg både forebygge og kjempe mot skadeleg internasjonal miljøkriminalitet, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Bakgrunnen for lovframlegget er at det årleg sendast omfattende mengder avfall ulovleg frå Europa og andre vestlege land til land i Afrika og Asia. Mykje av dette avfallet er elektrisk og elektronisk avfall, kasserte køyretøy, bildelar og kasserte batteri. Dette avfallet inneheld ofte vedifulle ressursar, men også farlege stoff som er dyre å desturerere. For useriøse aktørar kan slik transport vere lukrativt, og med dagens regelverk er slik kriminalitet krevjande å forfølge. Det nye regelverket skal gjere det lettare å forfølgje den lukrative og skadlege ulovlege transporten av avfall. Ved å slå hardare ned på useriøse aktørar, håper ein å gje dei seriøse aktørane meir rettferdig konkurranse.

Eit omfattande internasjonalt regelverk skal sikre at avfall kan sendast og handsamast i andre land, utan fare for helse eller miljø. Framlegget om endring i forureiningslova vil gjere det meir effektivt å forfølgje brot på dette regelverket.