Kollektivtransport: 65 millionar kroner fordelt til Oslo/Akershus, Bergen og Trondheim

I revidert nasjonalbudsjett i juni la regjeringspartia, Venstre og Kristeleg folkeparti inn ei ekstraløyving på 65 millionar kroner til kollektivtransport i dei største byområda. Samferdselsdepartementet har no fordelt desse pengane, slik at Oslo/Akershus får 25 millionar kroner og Bergen og Trondheim 20 millionar kroner kvar.

- Midlane skal medverke til at kollektivtransportløysingane i byane vert så gode at folk vel desse framfor mindre miljøvennlege transportmiddel, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
 
- Dette er ekstramidlar under belønningsordninga, og det er opp til byområda sjølve å bestemme kva for konkrete tiltak desse pengane skal nyttas til, men tiltaka skal vere i samsvar med dei avtalene vi alt har med dei.
 
- Regjeringa vil at fleire aktivt skal ønskje å reise kollektivt, bruke sykkel eller gå. Det er i dei største byområda at folketalet veks mest, og her må kollektivtrafikken styrkjast vesentleg, seier samferdselsministeren.
 
Belønningsordninga og bymiljøavtaler
 
Stortinget løyvde i vår 65 millionar kroner meir til belønningsordninga, som dermed har ein ramme på vel 1 milliard kroner i 2014. Det er desse ekstramidlane som no er delte ut.
 
I tillegg til avtalar med dei tre største byområda, er det tidligare inngått fireårige avtalar med Stavanger, Kristiansand, Skien/Porsgrunn og Fredrikstad/Sarpsborg. Samferdselsdepartementet er i dialog med Buskerudbyen og Tromsø om nye avtalar.
 
Regjeringa vil innføre ei ordning med bymiljøavtalar for storbyområda – med forpliktande samarbeid mellom staten, kommunane og fylkeskommunane. Dagens belønningsordning for kollektivtransport og bypakkar skal smelte saman i bymiljøavtalar.