Historisk arkiv

Kompetansesenter for landbruk i Steinkjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ei arbeidsgruppe sett ned av Landbruks- og matdepartementet foreslår å etablere eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk i Steinkjer.

Ei arbeidsgruppe sett ned av Landbruks- og matdepartementet foreslår å etablere eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk i Steinkjer.

Forside sluttrapport Midtnorsk kompetansesenter landbruk

Ei arbeidsgruppe sett ned av Landbruks- og matdepartementet foreslår å etablere eit midtnorsk kompetansesenter for landbruk i Steinkjer. Dette skal vere ein samlokalisert samarbeidsarena for Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT), Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU) og Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) sine avdelingar i Midt-Noreg.

Midtnorsk kompetansesenter landbruk skal sørgje for kunnskapsutvikling og innovasjon tilpassa framtida sine behov i den landbaserte bioøkonomien. Gjennom høgskolen skal kompetansesenteret vere ein utviklar av nasjonalt etterspurte utdanningstilbod innafor grøn sektor. 

Leiar i arbeidsgruppa, tidlegare assisterande fylkesmann i Nord-Trøndelag, Oddbjørn Nordset, overleverte i går rapporten til statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet. 

– Det skjer mykje positivt og spennande i fagmiljøa i Trøndelag-regionen. Dei har god tradisjon for samarbeid og vilje til å tenkje nytt og annleis. Arbeidsgruppa har lagt ned eit monaleg arbeid i denne rapporten, som vil bli nøye lest og vurdert av departementet, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. 

Berekraftige løysingar for auka verdiskaping
Landbruksfagleg samhandling kjenneteiknast ved eit velfungerande kunnskapstriangel mellom forsking, utdanning og innovasjon. I rapporten er det foreslått at Midtnorsk kompetansesenter landbruk skal finne berekraftige løysingar som gir verdiskaping i norsk og midtnorsk landbruk. Aktørane i kompetansesenteret skal saman vere en:

  • Regional utviklingspartnar for næringsaktørar og forvaltning innanfor jordbruk, skogbruk, miljø, utmark, bygdenæringer og andre arealbaserte næringer
  • Regional samarbeidspartnar for nasjonale og internasjonale forskingsmiljø
  • Grøn møteplass for næringsliv, offentleg forvaltning, forsking og utdanning

Rapporten inneheld ein særmerknad frå 3 av medlemmene i gruppa.

Arbeidsgruppa som ble sett ned av Landbruks- og matdepartementet høsten 2013, var samansett av representantar frå Bioforsk, NILF og Norsk institutt for skog og landskap, Kunnskapsparken i Nord-Trøndelag, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Trøndelag forskning og utvikling, Landbruksdirektøren i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag Bondelag. Bioforsk held i dag til på Kvithamar i Stjørdal, NILF si midtnorske avdeling i Trondheim og Norsk institutt for skog og landskap i Steinkjer.

 Oddbjørn Nordset, Hanne Maren Blåfjelldal og Jon Olav Veie
Leiar i arbeidsgruppa og tidlegare assisterande fylkesmann i Nord-Trøndelag, Oddbjørn Nordset, statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet og Jon Olav Veie, Fylkesagronom hjå Fylkesmannen i Nord-Trøndelag (Foto: LMD)