Konferanse om norsk mat og planteproduksjon

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

Sted: Johann Olav Koss Auditorium i Vikingskipet, Hamar.

Eg vil fyrst få takke arrangørane (Bioforsk, Graminor, Nordgro og Sagaplant) for invitasjonen til å kome hit og for at de arrangerer denne konferansen.

Eg vil også få gratulere Graminor som har teke aktivt del i det store internasjonale samarbeidet om kartlegginga av kveitas DNA (International Wheat genome Sequencing Consortium), saman med forskarar frå NMBU. Dei norske forskarane har hatt ansvar for kartlegginga av kromosom 7B. Nå er kveitegenomet kartlagt og resultata er nettopp presentert i fem artiklar i den prestisjetunge forskningsjournalen ”Science”. To artiklar har norske hovudforfattere frå NBMU. Dette er ein forskningbragd. Hadde me prata om ein idrettprestasjon ville det ha vore i klasse med Johann Olav Koss! Denne forskinga er eit stort framsteg for  matvareproduksjonen i verda i framtida.

Akkurat no står fårikålsesongen framfor oss. Tidlegare i år arrangerte Landbruks- og matdepartementet ei kåring og nok ein gang vart fårikål kåra til Norges nasjonalrett. Eg trur folk flest meiner fårikål smakar godt, samtidig som det er noko grunnleggjande norsk og nært med ingrediensane – kjøtt, kål, poteter og tyttebærsyltetøy. Pepperkorna kjem naturlegvis frå der pepperet gror, men skal det vere lam frå norske utmarksbeiter og mandelpotet - eller dug lam frå Harryhandel og importpotet like bra? Kva gjer nasjonalretten norsk? Eg trur dei fleste ønskjer norske råvarer og ser på ingrediensane som heilnorske.

Poteten har jo forresten ikkje alltid vore norsk. Den kom jo i si tid frå fjernare land, og vart jo fyrst verkeleg teke i bruk på 1800-talet. No ser vi på poteten som urnorsk. Det kjem heilt sikkert også til å skje med andre produkt me i dag importerar.

Poteten er forresten skikkeleg i skotet for tida. Utsjånaden til poteten er det store temaet om dagen. Det blir hevda at norske potetar ikkje er pene nok for forbrukarane. Potetprodusentane blir beden om å skjerpe seg og lage penare poteter - viss ikkje taper dei i konkurranse mot dei vakre utanlandske potetane. No skal ikkje eg legge meg opp i kva grønsaksgrossistane eller produsentane gjer, men eg er heilt sikker på at det er marknad for også dei grønsakene som ikkje er fullt så pene.

Når det gjeld utsjånadfokus hjå oss som menneske, går det jo ein trend om å legge ut bilete av seg sjølv uretusjerte og naturlege. Eg er heilt sikker på at det er utruleg mange av oss som ville fått sympati for dei stygge potetene og heller kjøpt dei. Eg ville garantert kasta meg over menyen ”Stygge råvarer gjev god smak” på ein restaurant. Men det er ikkje eit pålegg frå ein politikar – det er eit tips!

I tillegg til potet produserer norske bønder også matkorn, grønnsaker, frukt og bær i forskjellig skala, – frå jordbær og matkorn på Hedmarken, tomatar i Finnøy og til lauk på det som no blir feil side av Mjøsa, altså Toten. Nokre  produksjonar har lange tradisjonar og er intergrert i matskikk og norsk kultur, andre er heilt nye.

Den største delen av norsk planteproduksjon blir presentert forbrukarane i kjøt-  og fiskedisken. Kvaliteten på og kombinasjon av fôrvekster har mykje å seia  for kvaliteten på kjøtet, både innan husdyrhald  og akvakultur.

Ein viktig føresetnad  for norsk planteproduksjon er at bøndene har tilgang til sortsmateriale som egnar seg for norske forhold og som tilfredsstillar krava til kvalitet og lønnsemd enten dette blir definert av industrien eller kunden på Bondens Marked.

Mykje av sortsmateriale i norsk jordbruk kan ikkje utan vidare bli importert frå andre land.  Dei spesielle lysforhalda i landet vårt, det kalde klimaet og dei varierte føresetnadene for vekst krev tilpassingar for å sikre avlingane, og me må vere trygge for at det ikkje kjem uønskja sjukdommar med på kjøpet.

For nokre produksjonsområde er vilkåra så krevjande at me må satse på eigen foredling for å forsyne norske produsentar med tilpassa materiale.

På andre område derimot, vil importert plantemateriale kunne medverke til større avlingar, sortsmangfald og betre lønsemd for bonden.

Dette er mellom anna bakgrunnen for at me ønskjer å gjere dagens midlertidige ordning for import av kjernefruktmateriale – eple- og pæretre – permanent. Dette vil gje auka moglegheiter for fruktdyrkarane til variert sortsmateriale av god kvalitet.

Når vi opnar for import av plantemateriale, vil det alltid vere viktig å sørgje for at vi ikkje samtidig introduserar nye skadegjerare i Norge. Difor vil import av frukttre følgje strenge plantehelsemessige krav.

Eit anna område der det no blir opna for import av planter, er jordbær. I likskap med for kjernefruktmateriale, vil også dette gjelde planter som tilfredsstiller krava i EU sitt strengaste regelverk på området.

Import av plantemateriale vil alltid kunne bli en utfordring for norske framavlarar av same plantemateriale, og eg veit det er delte meiningar om dei endringane som no vil bli gjort. Eg meiner det vil gje auka konkurranse, men samtidig vil det kunne medverke til at også norske framavlarar kan utvikle sitt sortssortiment og tilpasse nytt sortsmateriale til norske forhold.

Dette vil kunne gje auka tilgang til friske, eigna planter tilpassa norske dyrkingsforhold. Og det vil gi fruktbonden moglegheit til å tilby kvalitetsfrukt og –bær i en lengre del av sesongen.

Då eg førebudde meg til dette foredraget kom eg til å tenkje på mi fyrste tid i Landbruks- og matdepartementet, og som ein noko skjelvande statssekretær. Eg hugsar eg hadde bestemt meg for å kaste meg ut i ting, og  då takka eg mellom anna ja til å halde eit innlegg på eit seminar med nokon av dei same medarrangørane som er her. Tittelen på det eg skulle prate om var: Norge som foregangsland for å utvikle genetisk mangfold i landbruket. Hvordan kombinere bønders innsats for genetisk mangfold med en offensiv genressurspolitikk?

Eg tullar ikkje når eg seier at eg ikkje forstod kva tittelen betydde ein gong. Eg kom meg gjennom det på ein slags måte, men det som er viktigast er at det eg gjorde då fekk opp interessa mi for genetisk mangfald og plantemangfald. Eg vil påstå at å lukkast med dette arbeidet er det viktigaste for å sørgje for at me har nok og trygg mat i framtida.

Det genetiske mangfaldet innan mat- og fôrvekstar er grunnlaget for all planteforedling. Av om lag 7000 planteartar som blir brukt i landbruket, er det berre 30 arter som i hovudsak brødfør folk i verda. Me har gjort oss avhengige av nokre ganske få artar og innanfor desse er det genetiske mangfaldet dramatisk innsnevra. Ingen land er  sjølvberga på genetiske ressursar og me er gjensidig avhengig av kvarandre for å få tilgang til naudsynt materiale for vidare foredling. Norge deltek difor aktivt  i internasjonalt samarbeid under FNs organisasjon for mat og landbruk FAO for å sikre eit globalt forvaltningsarbeid.

Norge har i mange  tiår vore aktive på den internasjonale genressursarenaen. Me har medverka til utviklinga av internasjonalt lovverk, der Plantetraktaten under FAO er den sentrale avtala for plantegenetiske ressursar. Traktaten sikrar mellom anna tilgang til genetisk materiale i internasjonale og nasjonale genbankar over heile verda. 

Og kvifor er det viktig å ta vare på såvarer både i genbankar og ikkje minst også gjennom praktisk bruk? Jo nettopp for at ting endrar seg. Klimaet endrar seg. Vêret skiftar. Det skjer ting me ikkje kan styre, men som me må handtere.

Vêret dei siste femten åra har medført dramatisk nedgang i norsk kornkvalitet, til dels med store angrep av soppen fusarium. I fjor opplevde grønnsakprodusentar i Lågenvassdraget at avlinga vart teke av flom, medan kornhausten  på Austlandet regna bort. I år blir det varmerekordar over hele landet knust og det ligg an til rekordhaust her på Hedmarken. Det svingar sjølvsagt år for år, men eit meir uføreseieleg klima gjer jordbruket generelt meir sårbart. I tillegg må me ta inn over oss at me i løpet av 20 år blir ein million fleire menneske som bur i Norge. Det betyr at me må omstille oss og ta i bruk ny kunnskap og teknologi

La det vere heilt klart at den viktigaste målsettinga for oss er auka matproduksjon i Norge. Me har stort potensiale for å produsere meir mat i Noreg. I tillegg er det sjølvsagt andre mål me må nå; som trygg mat og landbruk over heile landet. Og drive politikk handlar mykje om å forvalte desse målsettingane på best mogleg måte.

For å oppnå målsettingane våre treng me auka kunnskap om kva som påverkar matproduksjonen og korleis ulike produksjonar i ulike landsdelar kan tilpassast.

Kunnskap innan agronomi, sortsutvikling og plantehelse vil vere sentralt for å sikre auka produktivitet og betre utnytting av eksisterande landbruksareal. Det er store variasjonar i avlingsutbytte mellom ulike gardsbruk – kunnskap skal sikre at dette avlingspotensialet blir utnytta. AGROPRO- prosjektet (der BIOFORSK med fleire deltek) er det største prosjektet som er sett i gang innan planteproduksjon den siste tida.

Forsking skal også synleggjere potensielle moglegheiter for norsk landbruk som følgje av endringane i klimaet: avlingane kan aukast, eksisterande plantesortar kan få auka utbreiing og nye plantesortar kan takast i bruk. Dette kan auka produksjonen og styrke lønnsemda hjå hos bonden. 

Graminor sin planteforedlarar og forskarar må bygge vidare på dei gode sortane som me alt har. I tillegg vil genetiske ressursar gje viktige bidrag til utviklingsarbeidet som må til.

For å møte utfordringane er kapasiteten til Graminor styrka på fleire områder:

Det nordiske partnarskapet for frøforedling (Nordic Public-Private Partnership for Pre-breeding) som starta opp i 2011 er eit  langsiktig samarbeid mellom planteforedlingsinstitusjonane i Norden for å utnytte ressursane på ein meir slagkraftig måte på eit kjerneområde nemlig pre-breeding.

Pre-breeding  går ut på å undersøkje kva eigenskap som finst i det genetiske materiale ein har og gjere det tilgjengeleg for den vanlege planteforedlinga og sortsutviklinga gjennom kryssing av genmateriale for å lage nye og betre plantesortar.

Epleproduksjon har en lang historie i dei nordiske landa. Me er mange forbrukarar som etterspør norske eple og det er ei utfordring for fruktnæringa å møte denne interessa for kvalitetsfrukt. Eg tykkjer difor det lovar godt at eitt av dei tre prosjekta som er i gang – og der Graminor er med – handlar om eple.

Deltakinga  i kveitegenomprosjektet har løfta forskingsmiljøet ved NMBU og gjeve Graminor auka teknologisk kunnskap.  Graminor skal utnytta denne kunnskapen for å oppnå betre sjukdomsførebygging, raskare utvikling av nye sorter og til å bruke bioteknologisk kunnskap i den tradisjonelle planteforedlinga. Denne kunnskapen kan overførast på nye område av kornforedlinga. Teknologien kan også overførest til andre arter – som eple - og bidra til effektivisering av foredlinga.

Hadde eg avslutta no, ville nok mange kanskje sagt: ”jo da, ho sa jo noko fornuftig, men kunne ikkje eigentleg ein politikar frå SV sagt akkurat det same? Kor er politikken”. Eg ville i alle fall kome med den innvendinga. Sidan eg har som mål å ikkje vere ein platt politikar utan eit bodskap, skal eg prøve å kome med nokre politiske standpunkt heilt til slutt.   

For det fyrste; eg trur på samhandling med andre land. Eg trur ikkje me kan stenge oss inne i Noreg – og eg har tru på frihandel. Poteten kom i sin tid frå Peru, og bringebærsuksessen i Norge skuldast den skotske sorten ”Glen ample”. 

For det andre, så trur eg på marknaden. Eg trur meir på marknaden enn dei som står på venstresida. Det betyr ikkje at eg trur marknaden alltid er den rette til å styre alt, men eg trur me må spele på lag med marknaden og i større grad la marknaden styre. 

Og kva teikn ser vi i marknaden om dagen? Jo, folk vil ha norsk. Dei vil ha det ekte og det lokale! 

Me ser auka vekst i sal av økologisk mat. Auka vekst i sal av lokalmat. Auka oppmerksemd rundt det opprinnelege. Auka oppmerksemd knytt til gamle sorter, gamle vekster og gamle oppskrifter. 

Me ser også ein kraftig oppsving i andelslandbruk. Det kan de sjå i denne reportasjen frå Aftenposten frå sist helg. 

”Miljøbevisste byfolk vender ryggen til platspakkede grønnsaker. Stadig flere kjøper seg inn i gårder for å høste egen mat”.

”Mange er skeptiske til maten de får i butikken. Folk vil ha noe annet enn de finner i hyllene der. Det er en slags opposisjon til systemet vi har i dag, med et globalt matmarked der man ofte ikke kjenner opprinnelse til maten man spiser”. 

Eg trur dette og mange andre trendar syner at det er ein enorm uutnytta marknad for større mangfald av planter. Det er betalingsvilje. Og folk har råd til å betale. Denne marknaden trur eg me vil sjå at fleire og fleire utnyttar framover. 

I Valdres i min barndomsheim hjå Mamma, står det ti solbærbusker. Dei er alltid fulle av solbær i august. Solbæra blir aldri ete opp, men eg trur frysaren er full av dei. I år fekk eg i utfordring frå Mamma å plukke solbær og lage noko fancy av dei. Eg gav opp – for eg fann ikkje oppskrift som frista. 

Oppskrifta fann eg i går. I Hanna Winsnes si kokebok. Ho gav meg nemlig tips om korleis utnytte solbær, men også korleis det kunne kombinerast med å forebygge for å sleppe unna halsbetennelse i haust. Og no skal de gratis få eit tips frå Hanna Winsnes – via meg. 

Solbær-Marmelade
Denne laves akkurat paa samme Maade, som den sidstnævnte Ribsmarmelade, og kan ikke laves paa anden Maade, da Saften af Solbær vil blive som Grød, enten den afvrides raa eller kogt. Den er ikke velsmagende, men meget god for Halsesyge. Naar man lader en Kop af denne Marmelade staae paa Ovnen, saa den er lunken, og tager en Theeskee deraf hver halve Time, naar man føler ondt for at synke og Stikning i Halsen, saa kan man ofte reddes for Halsebetændelse. 

Og med dei visdomsorda, takkar eg for meg, og ønskjer dykk lykke til med konferansen her i dag. Eg håper de får ein haust utan halsbetennelse. Eg skal heim til Valdres i helga for å lage solbærmarmelade.