Kunngjering av støtte til organisasjonar for 2015

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og på denne måten medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og sentralt.

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning, frå statsbudsjettets kap. 1138 post 70, der målet er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og på denne måten medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og sentralt.

Støtte kan bli gitt til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
  • fremmer forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmennheita generelt
  • bidrar til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
  • fremmer miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
  • fremmer likestilling i sitt arbeid

Målgruppe for ordninga er sjølvstendige og demokratiske organisasjonar, inkludert stiftelsar. Organisasjonar som ønskjer støtte over ordninga må søke, og søkjarane må oppfylle krav i regelverket. Tilskot blir gitt som grunnstøtte. Støtte til organisasjonar blir fastsett kvart år ut frå innkomne søknadar og budsjettramme. I vurdering av søknadane inngår kriteriar som m.a. organisasjonens formål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkjarane etter overordna målsetjingar. Sjå Landbruks- og matdepartementet sin Prop 1 S (2013-2014) for å lese om tidlegare tildelingar.

Riding på hest
Støtte kan mellom anna bli gitt til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som fremmer forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmennheita generelt. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Søknadsfristen for støtte frå statsbudsjettets er 2. juni 2014.

Berre søknadar som er motteke innan fristen vil bli behandla. Søkjarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke innan fristen. Forslag til fordeling av midlar for 2015 vil gå fram av Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2014-2015. Endeleg fordeling av midlar blir gjort av Stortinget ved behandling av budsjettet. Svar på søknad blir meddelt søkjarane i januar-februar 2015. 

Følgjande skal leggast ved søknaden:

  • årsmelding/årsberetning for 2013
  • godkjent rekneskap for 2013
  • budsjett for 2015 som synleggjer inntekter og utgifter
  • kontingentinntekter og eventuelle tilskot/refusjonar/inntekter frå andre skal spesifiserast både i rekneskap og budsjett
  • opplysingar om talet på medlemmar og oversikt over ev. lokallag
  • beskriving av aktivitet i organisasjonen som er med på å bygge opp under målsettingane for ordninga
     
  • Sjå regelverk for ordninga (pdf)

Utlysingstekst med regelverk for ordninga finn du på Landbruks- og matdepartementets sine nettsider om tilskotsordningar.

Søknad med vedlegg sendast per e-post til postmottak@lmd.dep.no innan utgangen av mandag 2. juni 2014.

Eventuelle trykte vedlegg til søknaden kan ettersendast per post til:

Landbruks- og matdepartementet
Postboks 8007 Dep.
0030 Oslo

Merk sendinga "Kap. 1138 post 70".

                                                      Denne kunngjeringa blei første gong publisert 10.4.2014