Legg til rette for fleire transplantasjonar

Å auke tilgangen på organ i Noreg er eit viktig mål med forslag til ny transplantasjonslov.

Å auke tilgangen på organ i Noreg er eit viktig mål med forslag til ny transplantasjonslov.

Ved utgangen av fjoråret stod 365 personar på venteliste for transplantasjon. Mange av dei som ventar på nytt organ er alvorleg sjuke. Nokre av dei døyr mens dei ventar.

- Me er nøydd til å gjere det me kan for å legge til rette for fleire transplantasjonar. Forslaget til ny transplantasjonslov kan vere til hjelp her. Der slår vi fast at dei regionale helseføretaka skal sørgje for at alle potensielle donorar kan bli vurdert og få mogelegheit til å donere, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

I lovforslaget er det sett klare rammer for når ein kan gje behandling med sikte på bevare organ som kan nyttast til donasjon når donoren er hjernedød.

Dei pårørande skal framleis kunne reservere seg mot donasjon frå ein avdød givar som ikkje har gitt samtykke.

Helse- og omsorgsdepartementet fremjer også forslag til ny obduksjonslov. Det blir føreslått at dei regionale helseføretaka skal sørgje for naudsynt kompetanse og kapasitet til å gjennomføre medisinske obduksjonar. Obduksjon kan berre skje når det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motsett seg obduksjon. Dei næraste pårørande kan uavhengig av viljen til den avdøde nekte obduksjon. Legen som stadfestar at pasienten er død skal ha plikt til å vurdere om den avdøde bør obduserast.

Dei pårørande kan ikkje nekte rettsmedisinsk obduksjon. Dei kan likevel nekte at biologisk materiale som er tatt ut i samband med obduksjonen vert brukt til forsking . Pårørande har rett til informasjon om uttak av biologisk materiale og bruk til forsking.

Begge lovforslaga inneber ei modernisering og ei forenkling av regelverket ein har i dag.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter