Historisk arkiv

Listhaug på synfaring i flomområda i Lærdal og Flåm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug er i dag på synfaring i dei flom-råka områda i Lærdal og Flåm. Med på synfaringa er leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Dei møter bønder og grunneigarar som er råka av flaumen, representantar for kommunane mv.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug er i dag på synfaring i dei flom-råka områda i Lærdal og Flåm. Med på synfaringa er leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren. Dei møter bønder og grunneigarar som er råka av flaumen, representantar for kommunane mv. 

- Det er mange i desse områda som har vore utsett for store påkjenningar, sier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. - Det er gjort stor skade på eigedom og livsgrunnlaget for mange. Enkelte har mista både hus og heim. Det er halde fleire møter der dei som er råka har blitt orientert om forsikrings- og erstatningsordningar av kommunane, Norsk naturskadepool, Landbruksdirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat, og dei ulike etatane er i gang med å følgje opp skadene, seier Listhaug.

- Eg vil gjerne kome på stadane og sjå med eigne augo dei skadene som har skjedd, treffe og få snakke med dei som er råka, seier Sylvi Listhaug.

- Eg er opptatt av raskast mogleg oppfølging, seier landbruks- og mstminister Sylvi Listhaug. Landbruksdirektoratet vil difor stille midlar til rådigheit slik at det kan oppnemnast ekstra takstlag. Når det føreligg takst, kan søknad om utbetaling av forskot behandlast, seier Sylvi Listhaug.

 Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug under synfaringa i Lærdal i dag.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (til høgre for Listhaug) under synfaringa i Lærdal i dag. Bonde Rikard Lysne, til høgre i biletet, orienterte på vegne av lokale bønder om sine opplevingar, og utfordringar framover. (Foto: LMD)

Onsdag 19. november deltek Listhaug saman med andre medlemmer i regjeringa i eit møte med ordførarar i flomutsette kommunar.

 Bøndene Arne Slogvik og  Rikard Lysene orientere landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.
Bøndene Arne Slogvik og Rikard Lysene i samtale med landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i Lærdal i dag. (Foto: LMD)
 
 
Sjur Heimdal og  ordførar Noralv Distad fortalde landbruks- og matminister Sylvi Listhaug om den uhyggelege opplevinga folk i Flåmsbygda hadde flaum-natta.
Sjur Heimdal og ordførar Noralv Distad fortalde landbruks- og matminister Sylvi Listhaug om den uhyggelege opplevinga folk i Flåmsbygda hadde flaum-natta. (Foto: LMD)
 Nils Arild Heggdal (t.v.), Johannes Dalsbotn og ordførar Noralv Distad hadde mykje dei gjerne ville forklare og drøfte med Listhaug.
Nils Arild Heggdal (t.v.), Johannes Dalsbotn og ordførar Noralv Distad hadde mykje dei gjerne ville forklare og drøfte med Listhaug. (Foto: LMD)
 
 Flåm.
Mange stader i Flåm gjorde flaumen voldsom skade. (Foto: LMD)
 
 Mange stader i Flåm gjorde flaumen voldsom skade.
(Foto: LMD)
 Mange stader i Flåm gjorde flaumen voldsom skade.
(Foto: LMD)

(Klikk på bileta for sort format, kan fritt nyttast.)