Historisk arkiv

Liv Holmefjord held fram som fiskeridirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til fiskeridirektør for ein ny åremålsperiode på seks år.

Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til fiskeridirektør for ein ny åremålsperiode på seks år.

- Fiskeridirektoratet legg til rette for lønnsam og verdiskapande næringsaktivitet langs kysten. Liv Holmefjord har i sin første åremålsperiode som fiskeridirektør vist seg godt kvalifisert til å leie dette arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Fiskeridirektoratet vart etablert i Bergen i 1900. Direktoratet gir råd til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis fiskeri- og havbruksnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde. Dei faglege oppgåvene i Fiskeridirektoratet er delt i dei tre hovudområda havressursforvaltning, havbruksforvaltning og marin arealforvaltning.

 Liv Holmefjord (52 år) er utdanna siviløkonom ved Noregs handelshøgskole. Ho var assisterande fiskeridirektør i fire år frå 2004 før ho vart utnemnd til fiskeridirektør 1.oktober 2008. Før det arbeidde ho i Statens Fiskarbank og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.

Fiskeridirektoratet er Nærings- og fiskeridepartementet sitt fremste rådgivande og utøvande organ i fiskeri- og havbruksforvaltninga. Direktoratet har om lag 450 årsverk fordelt på hovudkontoret i Bergen, 7 regionkontor og 21 lokale fiskerikontor.