Historisk arkiv

Må samarbeide for å møte helsetrussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Feil bruk av antibiotika har ført til motstandsdyktige bakteriar som representerer ein alvorleg global helsetrussel. Ei ekspertgruppe har gitt regjeringa råd om korleis Noreg bør møte denne trusselen.

Det var Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, dåverande Fiskeri- og kystdepartementet og dåverande Miljøverndepartementet som oppretta ekspertgruppa i fjor.

I rapporten som vart offentleggjort 18.august slår den tverrfaglege gruppa fast at ei brei tilnærming og eit breitt samarbeid er avgjerande for å møte utfordringane. Departementa deler dette synet. Dei enkelte departementa vil no vurdere tiltaka som gruppa tilrår på deira område.

- Takka vere effektive vaksiner har forbruket av antibiotika til oppdrettsfisk vore minimalt sidan starten av 1990-talet. Skal vi lukkast i å halde fram med ein låg  antibiotikabruk er det avgjerande at eksisterande vaksiner framleis verkar godt og at ein kan utvikle nye vaksiner, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.


Mikrobar finst i alle miljø - hos menneske og dyr, i plantar, mat og vatn. Bruk og feilbruk av antibiotika til menneske og dyr har ført til ein kraftig auke i førekomsten av bakteriar  som er motstandsdyktige mot behandling.

Førebygging i heile matproduksjonskjeda og restriktiv bruk av antibiotika har ført til at antibiotikaresistente bakteriar er eit avgrensa problem i Noreg, både når det gjeld menneske og dyr. Men norske statsborgarar reiser stadig meir, både for å oppleve nye stader og for å få medisinsk behandling. Menneske og matvarer kryssar landegrensene hyppigare enn nokon gong før. Det vil føre til større utfordringar med antibiotikaresistens i Noreg i tida som kjem.

Les rapporten her