Historisk arkiv

Mæland gir styreleiarverv til polfarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Liv Arnesen blir ny styreleiar i Carnegie Heltefond. Ho blei utnemnd av næringsminister Monica Mæland torsdag 26. juni.

Liv Arnesen blir ny styreleiar i Carnegie Heltefond. Ho blei utnemnd av næringsminister Monica Mæland torsdag 26. juni.

- Liv Arnesen er ein tøff og uredd person, som kan vere med å vidareutvikle fondet si ånd. Carnegie Heltefond vil framheve dei usjølviske heltane, samtidig som ein ønskjer å gi ungdommen klare haldningar mot dagens valdelege samfunn. I så måte er Arnesen eit godt forbilde for dagens ungdom, seier Mæland.

Liv Arnesen (t.v.) er utnevnt til ny styreleder i Carnegie heltefond av næringsminister Monica Mæland (NFD).

Liv Arnesen er ein norsk polfarar, eventyrar og forfattar. I 1994 vart ho den første kvinna som gjekk på ski over Antarktis til Sørpolen åleine og utan hjelp undervegs. I 2001 vart ho og Ann Bancroft dei første kvinnene som kryssa Antarktis på ski. Liv Arnesen er tildelt ei rekkje prisar, mellom anna Woman of the Year i 2001 og Woman of Discovery Prize i 2008, og ho har gitt ut mange bøker om ekspedisjonane sine.

Formålet med Carnegie Heltefond er å anerkjenne heltegjerningar utført i Noreg, der ein person frivilleg og med risiko for eller fare for eige liv reddar andre. Det er særleg dei lokale og usjølviske heltane som skal framhevast som gode eksempel. Fondet ønskjer også å gi ungdommen eit anna syn på dagens valdelege samfunn. 

Hans Edgar Furfjord (66) er den siste personen som fekk utdelt medalje i gull. I 2010 redda han livet til tre små barn, då han berga dei ut frå ei brennande campingvogn på Roksøy i Sortland kommune.

Carnegie Heltefond i Noreg vart oppretta i 1911. Andrew Carnegie (1835-1919) var grunnleggaren av fondet. Fondet deler ut gullmedalje, sølvmedalje, bronsemedalje og diplom. I tillegg kan styret gi økonomisk støtte.