Statsbudsjettet

Meir pengar til idrett og kultur frå Norsk Tipping

Regjeringa foreslår å endre pengespellova og gjennomfører opptrappinga av tippenøkkelen.

Finansminister Siv Jensen og kulturminister Thorhild Widvey saman med ishockeybarn i Manglerud Ishall.
Finansminister Siv Jensen og kulturminister Thorhild Widvey saman med ishockeybarn i Manglerud Ishall. (Foto: KUD/Ketil Frøland)

 
Regjeringa foreslår å endre pengespellova og gjennomfører opptrappinga av tippenøkkelen.

Delen av overskotet i Norsk Tipping AS som går til idrettsformål, blir auka frå 56 prosent i 2014 til 64 prosent i 2015. Basert på prognosane for speleoverskotet, vil dette gje om lag 332 millionar kroner meir til idrettsformål i 2015 samanlikna med summen i 2014.

- Denne auken vil gje betre rammevilkår for idretten lokalt. Pengane skal i første rekke brukast til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg. Fleire anlegg vil føre med seg endå meir idrettsglede, utfordringar og meistring rundt om i landet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturmidlane over tippenøkkelen blir også auka i 2015 frå 14,9 prosent til 18 prosent. Auken til kulturformål er om lag 122 millionar kroner, og regjeringa foreslår at tilskot til fleire kulturformål blir gitt frå overskotet til Norsk Tipping. Dette gjeld følgjande tilskotordningar og enkelttilskot som vart løyvd over statsbudsjettet i 2014:

  • Landsomfattande musikkorganisasjonar
  • Musikkutstyrsordninga
  • Kjøp av musikkinstrument til skulekorps og barne- og ungdomsorkester
  • Folkeakademienes landsforbund
  • Historiske spel
  • Prosjekt- og utviklingstiltak på museums- og arkivfeltet
  • Prosjekt- og utviklingstiltak på bibliotekfeltet
  • Fullriggaren Sørlandet
  • Seglskipet Statsraad Lehmkuhl
  • Skuleskipet Christian Radich

I tillegg vil tilskot til Krafttak for sang bli gitt frå speleoverskotet.

Ordninga med tilskot til landsomfattande musikkorganisasjonar blir administrert av Norsk musikkråd. Tilskota til Norsk jazzforum, FolkOrg, Klassisk og Norske konsertarrangørar (tidlegare Norsk rockforbund) blir tatt ut av ordninga og forslaget er at Norsk kulturråd fordeler tilskota frå 2015.

Regjeringa styrkjer satsinga på folkebibliotek gjennom å auke tilskotsramma til prosjekt- og utviklingstiltak på bibliotekfeltet med 20 millionar kroner til 48,5 millionar kroner frå speleoverskotet frå Norsk Tipping.  

Tilskota til Den kulturelle skulesekken, Frifond og kulturbygg kjem også i 2015 frå spelemiddeloverskotet.

Prosentdelen for tippenøkkelmidlane som er øyremerkte samfunnsnyttige og humanitære formål, blir ikkje endra.