Midt i matfatet

Statssekretær Blåfjelldal opnar mat- og landbruksmessen Midt i Matfatet og holder innlegg om norsk planteproduksjon i Hamar 19. september.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opnar mat- og landbruksmessa Midt i Matfatet i Hamar 19. september. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet opnar mat- og landbruksmessa Midt i Matfatet i Hamar 19. september. Messa som ventar om lag 12000 gjester skal ta for seg heile verdikjeda for maten. Blåfjelldal holder og eit innlegg på ei konferanse om norsk mat- og planteproduksjon i tilknytting til messa. 

Tid: Fredag 19. september.
Stad: Vikingskipet messehall, Hamar. 

Konferanse om norsk mat og planteproduksjon

Med støtte frå Landbruks- og matdepartementet arrangerer Bioforsk, Graminor AS, NORGRO AS og Sagaplant AS ei fagkonferanse om norsk planteproduksjon under mat- og landbruksmessa. Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal holder opningsinnlegget. 

Tid: Fredag 19. september.
Stad: Johann Olav Koss Auditorium i Vikingskipet, Hamar. 

Midt i Matfatet

Innlandets største mat- og landbruksmesse Midt i matfatet som finn sted i Vikingskipet i Hamar 19.-21 september skal presentere heile verdikjeda frå bioteknologien til spennande matretter. Heile familien er målgruppa for messa, som ventar om lag 12000 gjester. Det blir mange ulike publikumsaktivitetar. I tillegg til ein matmarknad med småskalaprodusentar og ei restaurantgate er messa delt inn i ulike temaområde, herunder gardsturisme og reiseliv, matbibliotek og mathistorie, bryggeri, dyrehald og landbruk, forsking, matkontroll og avfallshandtering og fagutdannning.

Logo Midt i Matfatet