Revidert nasjonalbudsjett:

Momskompensasjon for bygging av idrettsanlegg aukar med 10 millionar

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg med 10 millionar kroner. Den samla løyvinga til dette formålet er 65,8 millionar kroner.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg med 10 millionar kroner. Den samla løyvinga til dette formålet er 65,8 millionar kroner.

- Bygging av idrettsanlegg er eit stort økonomisk løft for mange lag og foreiningar, seier kulturminister Thorhild Widvey. Formålet med kompensasjonsordninga er å lette finansieringa og stimulere til brei utbygging av idrettsanlegg. Talet på søknader aukar og syner at ordninga fyller eit stort behov, seier kulturministeren.