Statsbudsjettet

Namnemerking på Tjøtta sovjetiske krigsgravplass i Nordland

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vedlikehald av utanlandske krigsgraver i Noreg. Auken inneber at 4000 umerkte graver på Tjøtta sovjetiske krigsgravplass i Nordland no vil bli merkte med namn.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vedlikehald av utanlandske krigsgraver i Noreg. Auken inneber at 4000 umerkte graver på Tjøtta sovjetiske krigsgravplass i Nordland no vil bli merkte med namn.

- Krigsgravplassen på Tjøtta har ei heilt spesiell historie. Arbeidet med å identifisere tidlegare ukjente sovjetarar som vart gravlagde her har pågått gjennom mange år. No får vi på plass ei løyving som gjer at dette arbeidet endeleg kan sluttførast, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet har ansvaret for forvaltning og vedlikehald av rundt 28.000 utanlandske krigsgraver i Noreg. Så godt som alle gravlagde sovjetarar i Nord-Norge vart i etterkrigstida samla på Tjøtta krigsgravplass i Alstadhaug kommune i Nordland. Fram til no har mange av desse vore ukjende. I forslaget til kulturbudsjett for 2015 er det innarbeidd ein auke i løyvinga på 2,5 millioner kroner til namnemerking og en generell oppgradering av gravplassen. Utgiftene vil elles bli dekte innanfor den samla løyvinga til stell og vedlikehald av krigsgraver.