Statsbudsjettet

Nedtrapping av tilskot til Rock City

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I budsjettforslaget for 2015 blir tilskotet til Rock City foreslått redusert med vel 4,1 millionar kroner, frå 6 millionar kroner i 2014 til 1,9 millionar kroner i 2015.

I budsjettforslaget for 2015 blir tilskotet til Rock City foreslått redusert med vel 4,1 millionar kroner, frå 6 millionar kroner i 2014 til 1,9 millionar kroner i 2015.

- Med utviklinga av fleire regionale kompetansemiljø innanfor same musikksjanger andre stader i landet, har behovet for ein samlande nasjonal aktør i Namsos blitt tilsvarande mindre, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Rock City AS er eigd av Namsos kommune og inngår i Midtnorsk kompetansenettverk for rytmisk musikk (MINK) saman med Stiftinga Hilmar Alexandersen, Tempo (tidlegare Rockforum), Midtnorsk jazzsenter og Molde Internasjonale Jazzfestival.

Rock City vart opprinneleg etablert som eit supplement til Rockheim i samband med utviklinga av eit nasjonalt opplevingssenter for pop og rock i Trøndelag.