Historisk arkiv

Nok lam til påske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Under slaktesesongen i haust kom det ikkje noko lammekjøt inn på reguleringslager. Statens landbruksforvaltning (SLF) vidarefører difor den reduserte tollen på ferske, heile lammeslakt. Dermed blir det nok påskelam i år også.

Tollen har allereie vore sett ned frå starten av mars Det blir slakta ubetydelege mengder lam i vintermånadene, og lammekjøtet som vart importert i perioden januar–mars gjekk òg rett ut på marknaden. Difor vart det naudsynt å halde fram med låg toll for å forsyne den norske marknaden.

Importert lam på påskemenyen
Over 70 prosent av det årlege salet av lammekjøt i Noreg går føre seg om hausten og fram mot jul, medan 16–17 prosent finn stad i dei første fire månadene av året. I 1. tertial er salet størst i påskemånaden. Lammesteik er kanskje den vanlegaste påskeretten, men rettar av lammesadel og -bog òg påskemat.

I år kjem påskelammet truleg frå Storbritannia, Island eller Irland. Medan Noreg importerer mest lam frå Storbritannia og Irland under generelle tollnedsetjingar, kjem lam frå Island gjennom ein kvote på 600 tonn per år.