Historisk arkiv

Noreg vil delta i EU sitt tredje helseprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

EU sitt tredje helseprogram «Helse for vekst» blei tatt inn i EØS-avtalen 13. november, saman med programmet for forbrukarpolitikk, Copernicus og Galileo.

EU sitt tredje helseprogram «Helse for vekst» blei tatt inn i EØS-avtalen 13. november, saman med programmet for forbrukarpolitikk, Copernicus og Galileo.

EU-programmet «Helse for vekst» skal fremje aktive, informerte innbyggjarar og bidra til økonomisk vekst. Dette er det  tredje i rekka, og skal byggje på erfaringar frå dei to føregåande. 13. november blei programmet tatt inn i EØS-avtalen gjennom skriftleg prosedyre, saman med tre andre EU-program.

Fire hovudmål
Det er fire hovudmål i programmet som går over sju år fram til 2020. Ein skal støtte medlemsstatane i utviklinga av innovative og bærekraftige helsesystem, slik at ein kan levere fleire helsetenestar for færre ressursar. Ein ønskjer også å auke tilgangen til betre og tryggare helsetenester, slik at alle kan nyte omsorgstenester av høg kvalitet uansett kven dei er og kvar dei bur.

Det skal gjerast større investeringar i å halde innbyggjarane friske, framfor å berre behandle dei når dei er sjuke. Det inneberer meir fokus på røyking, alkoholmisbruk og overvekt. Effektive tiltak for å beskytte borgarar mot sjukdommar ikkje stoppar ved landegrensene og også eit av hovudmåla i EU sitt helseprogram.

For å oppnå desse måla har fleire konkrete tiltak blitt foreslått, mellom anna innanfor førebygging og screening av kreft, i tillegg til samarbeid for å diagnostisere og behandle av personar med sjeldne sjukdommar. Programmet er Europakommisjonen sitt hovudinstrument for å implementere helsestrategien. Det totale budsjettet er 449,4 millionar euro.

Noreg vil delta
Både Noreg og Island vil delta i det nye helseprogrammet.

Deltakinga gir oss tilgang til å fange opp politiske signal, delta i prosessar og følgje utviklinga på helseområdet i EU. Det er tydelege parallellar mellom arbeidet som gjerast i WHO, med EØS-midlane og i ulike bilaterale samarbeid. Difor styrkar deltaking Noreg sin posisjon på den internasjonale helsearenaen, seier råd for helse og mattryggleik, Ingrid Vigerust ved EU-delegasjonen

Noreg  har også tidlegare deltatt i helseprogrammet, og har ovanfor EU meint at det burde vidareførast.

Dette er ein god mogelegheit for å lære og utveksle kunnskap om Noreg sine viktigaste utfordringar på helseområdet, seier Vigerust.

Program for forbrukerpolitikk
Også EU-programmet for forbrukarpolitikk blei tatt inn i EØS-avtalen den 13. november. Målet med dette programmet er å bidra til å sikre borgarane sine fulle rettar som forbrukarar og aktivt delta i den indre marknaden. På denne måten kan ein stimulere vekst og innovasjon, på same tid som ein møte måla for EU sin vekst- og sysselsettingsstrategi Europa 2020.  Både helse- og forbrukarprogrammet speler ei betydeleg rolle for å oppnå måla i Europa 2020.

Forbrukarprogrammet skal vere med å sikre ein indre marknad med trygge produkt til nytte for borgarar. Forbrukarane skal også vere godt representert av profesjonelle forbrukarorganisasjonar, som skal ha kapasitet til å møte dagens økonomiske miljø. Eit anna mål er konkrete og effektivt samarbeid mellom nasjonale organ for å støtte opp under forbrukarrettar og tilby råd til forbrukarane.

I tillegg blei også Kopernikus og Galileo inkorporert i EØS-avtalen 13. november. Les meir om programma på heimesida til EFTA.