Ny firefelts E39 Os - Bergen: Tryggare trafikk og halvering av køyretida

- Etter mange tiår med diskusjon blir no ny firefelts motorveg på E39 mellom Os og Bergen ein realitet. Regjeringa har i dag gitt grønt lys for å starte dette viktige prosjektet, som vil gjere trafikken tryggare og halvere reisetida mellom Os og Bergen. Anleggsarbeidet kan starte allereie i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Etter mange tiår med diskusjon blir no ny firefelts motorveg på E39 mellom Os og Bergen ein realitet. Regjeringa har i dag gitt grønt lys for å starte dette viktige prosjektet, som vil gjere trafikken tryggare og halvere reisetida mellom Os og Bergen. Anleggsarbeidet kan starte allereie i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Med nær 18 kilometer ny firefelts veg blir vi kvitt ein flaskehals på E39-strekninga. Vi får ei utbetring som sikrar tryggare, meir miljøvenleg og effektiv transport der trafikken i dag fører til mange ulykker og store miljøulemper. Utbygginga er viktig for næringsutviklinga i aksen Os – Bergen og for å styrkje sambandet mellom vekstområde langs E39 på heile strekninga mellom Stavanger og Bergen.

Forslaget om utbygging og finansiering av E39 på strekninga Svegatjørn i Os kommune – Rådal i Bergen kommune, i Hordaland blei lagt fram i statsråd i dag.

Kostnader og finansiering

Prosjektet er rekna å koste i alt 6,5 milliardar 2014-kroner. I tråd med lokale vedtak og Nasjonal transportplan skal prosjektet finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

- Kostnadene ved prosjektet har auka fleire gonger. Til trass for det har den statlege delen av finansieringa no auka frå 40 prosent som føresett i lokale vedtak i 2008, til 60 prosent som no blir foreslått av regjeringa, seier samferdselsministeren.

I forslaget frå regjeringa er det lagt opp til 3,9 milliardar kroner i statlege midlar, medan 2,6 milliardar kroner skal finansierast av bompengar. Bompengane skal krevjast inn først når vegen står ferdig. Dei statlege løyvingane vil med dette vere 200 millionar kroner meir enn det som våren 2013 blei lagt til grunn i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-2023, medan ”bompengedelen” blir tilsvarande lågare.

- Regjeringa har varsla ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Målet er ein vesentleg reduksjon i driftskostnadene og redusert lånerente. I tillegg skal det setjast i verk ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, der renteutgiftene blir dekte over statsbudsjettet.

- Innan bompengeinnkrevjinga starter opp vil bompengereforma vere gjennomført. Dagens berekningar legg til grunn ein takst på 43 kroner for personbilar, men med nytt bompengesystem vil takstane troleg kunne setjast ned vesentleg og tidsperioden for bompengeinnkrevjing reduserast. Dette skal vi diskutere i detalj med lokale styresmakter.

- Vi føreset at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte, seier samferdselsministeren.      

Om prosjektet

Anleggsarbeidet skal ifølgje forslaget ta til i 2015, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2021-2022.

I tillegg til utbygging av E39 omfattar prosjektet òg utbygging av ei tre kilometer lang strekning av riksveg 580 Flyplassvegen i ein ny trasé, med kopling til E39. Bygging av tre kryss på E39 og opprusting av ei strekning på fylkesveg 163 er elles delar av prosjektet.

Hovedvegane i prosjektet, E39 og riksveg 580, blir bygde som firefefelts veg med samla lengd 17,7 kilometer. Av dette er 14,7 kilometer tunnelar med to løp.

Kortare køyretid

Vegen mellom Os og Bergen går i dag gjennom bustadområde. Fartsgrensa er i hovudsak 50 og 60 km/t. Køyretida mellom Os og Bergen er i dag om lag 35 minutt utanom rushtida. Det er rekna med at utbygginga vil føre til ein reduksjon i køyretida på om lag 17 minutt, det vil seie om lag ei halvering.

Kartskisse og fleire opplysningar: Prop. 134 S (2013-2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland

Meir informasjon om samferdselsprosjekter i Hordaland og resten av landet finn du i Samferdselskartet