Historisk arkiv

Ny våpeninstruks for politiet på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet sender i dag framlegg til ny våpeninstruks for politiet på høyring. Framlegget til ny våpeninstruks tek omsyn til dei endringar som har skjedd i politiet sidan gjeldande våpeninstruks vart fastsett i 1989.

Justis- og beredskapsdepartementet sender i dag framlegg til ny våpeninstruks for politiet på høyring. Framlegget til ny våpeninstruks tek omsyn til dei endringar som har skjedd i politiet sidan gjeldande våpeninstruks vart fastsett i 1989.

Vilkåra for politiet sin bruk av skytevåpen er gjort klårare, utan større materielle endringar. Mynda til å gje ordre om væpning er føreslått endra slik at operasjonsleiar får mynde til å gje ordre om væpning i akutte situasjonar. Framlegget til ny våpeninstruks fastset også særskilte reglar for Forsvaret sin handhevingsbistand til politiet. Vidare så inneber framlegget at mange av dei oppgåvene som etter gjeldande våpeninstruks ligg hjå Justis- og beredskapsdepartementet, vert lagt til Politidirektoratet. Dette for at dei skal kunne oppfylle si rolle som styringsorgan for politiet.

Framlegget følgjer også opp regjeringsfråsegna sitt punkt om å «[å]pne for generell bevæpning i de politidistrikter der politiet selv mener det er den beste løsningen.» Reglane er tilpassa ei ordning der Politidirektoratet kan beslutte at alle eller nærare bestemte tenestepersonar i det einskilde politidistrikt eller særorgan skal bere einhandsvåpen i den daglege tenesta.

Les høyringsbrevet her