Statsbudsjettet

Nytt Munch-museum – tilsegn om statleg tilskot

I framlegget til statsbudsjett for 2015 tilrår Regjeringa at det skal gjevast tilsegn til Oslo kommune om statleg medverknad på i alt 605 millionar kroner for å få realisert det planlagde nybygget for Munch-museet.

 Kulturminister Thorhild Widvey, byråden for kultur og næring Hallstein Bjercke, stortingsrepresentant Mazyar Keshvari og byrådsleiar Stian Berger Røsland foran ein modell av det planlagde Munch-museet, 3. oktober 2014.
Kulturminister Thorhild Widvey møtte byråden for kultur og næring Hallstein Bjercke, stortingsrepresentant Mazyar Keshvari og byrådsleiar Stian Berger Røsland 3. oktober 2014. (Foto: KUD/Wenche Nybo)

I framlegget til statsbudsjett for 2015 tilrår Regjeringa at det skal gjevast tilsegn til Oslo kommune om statleg medverknad på i alt 605 millionar kroner for å få realisert det planlagde nybygget for Munch-museet.

Sjølv om dette er eit bygg som skal huse samlingar som tilhøyrer Oslo kommune, legg regjeringa til grunn at staten bør vere med på finansieringa av prosjektet. Edvard Munch (1863–1944) er ein verdskjend biletkunstnar. Det er viktig for Noreg at livsverket etter denne kunstnaren vert forvalta og formidla på beste måte. Gode bygningsmessige rammer er ein viktig føresetnad både for å ta vare på samlingane og for å gjere kunsten tilgjengeleg for eit breiast mogeleg publikum.

Det vert lagt opp til å innfri denne tilsegna med løyvingar over seks år med første løyving i statsbudsjettet for 2017. Det samla tilskotet på 605 millionar kroner er ein nominelt fast sum som ikkje vil verta justert for endringar i kroneverdien, prosjektkostnadene, innhaldet i prosjektet eller anna.