Økologisk mat og produksjon

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For fyrste gong i Noreg er det gjort ei samla vurdering av kunnskap om økologisk mat og produksjon. Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har samanlikna økologisk og konvensjonell mat og produksjon, og korleis dei verkar inn på helsa til både mennesker, dyr og plantar.

For fyrste gong i Noreg er det gjort ei samla vurdering av kunnskap om økologisk mat og produksjon. Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har samanlikna økologisk og konvensjonell mat og produksjon, og korleis dei verkar inn på helsa til både mennesker, dyr og plantar.  

Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet sett på korleis økologisk mat og produksjon virke inn på helsa til både menneske, dyr og planter.

Ny og betre oversikt
VKM har samanlikna effektar av økologisk og konvensjonell produksjon på plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og folkehelse. Rapporten handlar ikkje om vurderingar knytt til berekraft eller miljøeffektar av produksjonsmetodane. 

Mattilsynet vil bruke rapporten til å gi forbrukarane betre informasjon, rettleie næringa og som grunnlag for arbeid med nasjonalt og internasjonalt  regelverk. 

Rapporten viser også på kva områder ein manglar kunnskap eller kunnskapsgrunnlaget er svakt. 

Mangfald og høve til fritt val
- Det er nyttig med ei slik kunnskapssamanstilling. Forbrukarane har ulike motiv for å velje økologisk. Mangfald og høve for forbrukarane til å fritt å velje den maten dei ønskjer å kjøpe er viktig for denne regjeringa. Mange ønskjer økologiske matvarer, og matvareforretningane melder om auka etterspurnad. Denne marknaden kan med fordel bli dekt av norskproduserte varer, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet. 

Økologiske grønnsaker
Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) har på oppdrag frå Mattilsynet sett på korleis økologisk mat og produksjon virke inn på helsa til både menneske, dyr og planter. (Foto: Mona Olsrød/Fylkesmannen i Vestfold)