Historisk arkiv

Opna NM for studentbedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

-Dyktige unge talent er heilt avgjerande for at bedrifter skal kunne tilpasse seg framtidige krav og trendar, sa statssekretær Dilek Ayhan då ho opna NM for studentbedrifter.

Statssekretær Dilek Ayhan her sammen med Elio SB fra Høgskolen i Telemark, Porsgrunn.
Statssekretær Dilek Ayhan her sammen med vinneren av Norges beste studentbedrift, Elio SB fra Høgskolen i Telemark, Porsgrunn. Fra venstre: Karsten Austrått (25), Kim Østreim (25), Jens-Kristian H. Jenssen (24), Nils Eivind Eikehaug (24) og Alexander Bang (24)(Nærings- og fiskeridepartementet)

19 studentbedrifter kjempar om NM-tittelen. Dei kjem frå heile landet og frå mange ulike bransjar. Vinnaren skal representere Noreg i EM i Amsterdam i juli.

-Eg er imponert over at studentar kan få til gode resultat i ung alder. Det lovar godt for morgondagens næringsliv, seier Dilek Ayhan.

Ungt Entrepenørskap er ein ideell organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeider for å utvikle kreativiteten, skapargleda og trua på seg sjølv hos barn og unge. Ungt Entrepenørskap hadde 210 463 elev- og studentaktivitetar i 2013. 16 100 frivillige frå arbeids- og næringsliv tok del i arbeidet.

Nærings- og fiskeridepartementet er med på å finansiere ordninga, og departementet støttar Ungt Entrepenørskap med 12,6 millionar kroner i 2014.