Opnigsinnlegg på Midt i Matfatet

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

Takk for invitasjonen til å kome hit til Innlandet og til Hamar for å opne ”Midt i matfatet”. Eg er glad for at Hedmark og Hamar olympiske anlegg Vikingskipet har fått til å arrangere denne mat- og landbruksmessa. Ein festival som blir arrangert for fyrste gong, og som eg håper blir ein stor suksess.

Eg kjem jo frå Oppland, og har vore vant med meir eller mindre venskapleg krangling mellom dei to fylka våre om kven som er best. Eg har sikkert også vore med på krangling om kven som har den beste maten.

I jobben min reiser eg mykje rundt omkring i heile landet, og har smakt på utruleg mykje god mat. Det som kanskje har overraska meg mest er ikkje mangfaldet av mat, men den gode kvaliteten på absolutt alt eg har smakt. Men ein ting er eg framleis like sikker på, og det er at den beste rakfisken kjem frå Valdres.

Interessa for det lokale, stadeigne og unike er ei interesse som har blitt forsterka dei siste åra. Og dette samtidig som Norges befolkning reiser meir og meir. Me smaker meir og meir av resten av verda, og er blitt kjend med all verdas fantastiske smaker. Ost frå Sveits, vin frå Frankrike, Tortilla frå Spania og spekeskinke frå Italia. 

Smakane frå resten av verda er blitt meir tilgjengelege for oss, og retter som Sushi og Tapas er blitt eit vanleg del av norsk kvardagsspråk. Det viser at norske mattradisjonar endrar seg i lag med internasjonale impulsar. Me lager norsk tapas og norsk sushi – i alle fall delvis med norske matvarer og med norsk preg.

Eg trur at aukande globalisering og meir reiseverksemd gjer at me også ser at me har masse i Norge som er verdt å by på også. Som me kan vere stolte av. Dei siste åra har me sett ein enorm vekst i marknaden for lokal mat og drikke. Omsetninga av lokal mat og drikke har auka langt meir enn omsetninga av andre matvarer. Folk ønskjer mangfald, og folk er villig til å betale for det.

Hedmark har lange mattradisjonar å vise til. Namnet ”Hedmark” stammar frå det norrøne Heidmork, som betyr "marken til heinene" - altså skogsfolket. Hedmark består av store skogar, karrige fjellbygder og fruktbare jordbruksdistrikt. Her er det rike mattradisjonar med retter frå storgardane, fjellbygdene og også frå koielivet i storskogane. Kjøtt og flesk, surpølse, blodklubb og spekemat var dei mest brukte middagsrettane til skogsfolket.

I dag er kanskje spekeskinka meir populær enn nokon gong, og det er ingen grunn til at vi skal ha dårleg sjølvtillit på vegne av norsk spekeskinke. I Hedmark blir Santa Kristina-skinka produsert. Grisane som skinka kjem frå et bergmynte og oregano. Desse urtene kjem eigentleg frå middelhavsområdet, og vi ser slik ein kombinasjon av det globale og det lokale også her.

Hedmark er ikkje berre skog, men også små og store garder på flatbygda. Vang prestegard var Noregskjend for sitt gode matstell, særleg i den perioden kokebokforfattar Hanna Winsnes var prestekone her. Det vart servert mykje god mat og drikke rundt bordet der, og mat førte folk saman då som no.

I dagens kjøkken går det liner frå tradisjonsmaten som i generasjonar har vore laga i Hedmark, men no ofte kombinert med nye og spanande smaker. Me kan si at ulike regionar møter kvarandre gjennom matlaginga - også her i Hedmark. Det gjer verda mindre, men også meir mangfaldig.

Eg får dessverre ikkje tid til å kome innpå korleis lokalmat, landbruk og reiseliv må sjåast i samanheng for å utvikle Noreg og for å skape verdiar her på Innlandet. 

Eg trur eg skal konstatere at også her på trauste Innlandet er det store moglegheiter til å skape verdiar ut i frå mattradisjonar. Det er difor gledeleg at også reiselivet er representert her i dag.

Det er mykje spanande på programmet under denne messa. Eg får ikkje med meg alt, men har sett at det både er mogleg å prøve seg som forskar, lage sin eigen Litago, vere med på klekking av kyllingar, mikrobryggeri og at det er mogleg å ta minitraktorførarkort. Eg er jo også spent på kva desse bøndene har finni på med sitt arrangement ”Hopp i halmen”, og vurderer om eg skal stikke bort til Hedmark bondelag for å hoppe i halmen i lag med dei.

Eg vil ønskje hovudarrangør og medarrangørar til lykke med arrangementet, og eg håper messa kjem til å gje meirsmak. La maten bringe folk i lag her midt i matfatet.

Med det vil eg erklære ”Midt i matfatet” for opna.