Oppgradering av luftvernsystem til Fridtjof Nansen-klassen fregattar

Regjeringa føreslår å oppgradere luftvernsystemet på Fridtjof Nansen-klasse fregattane, slik at det vert betre i stand til å nedkjempe kjende og framtidige truslar. Den tilrådde kostnadsramma er 1 849 millionar kroner.

Regjeringa føreslår å oppgradere luftvernsystemet på Fridtjof Nansen-klasse fregattane, slik at det vert betre i stand til å nedkjempe kjende og framtidige truslar. Den tilrådde kostnadsramma er 1 849 millionar kroner.

-Forsvaret sine fregattar har eit vidt spekter av sensorar og våpen, og skal vere nyttige i heile breidda av maritime operasjoner, både nasjonalt og internasjonalt. Difor må våpensystem og eigenvern vere moderne og effektive for å kunne brukast til å løyse sitt breie spekter av oppgåver. Med denne oppgraderinga sørgjer vi for at Fridtjof Nansen-klassen har eit luftvernsystem som møter det operative behovet, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Forsvaret sine fregattar bidreg til å ivareta Forsvaret sine oppgåver i fred, krise og krig. Fregattane har eit vidt spekter av sensorar og våpen, og skal vere nyttige i heile breidda av maritime operasjoner, både nasjonalt og internasjonalt. Våpensystem og eigenvern må difor vere moderne og effektive for å kunne brukast til å løyse sitt breie spekter av oppgåver. Det integrerte våpensystemet med eigenvern mot lufttruslar som vart vald ved anskaffinga av fregattane, var vel kjent og henta frå eksisterande design som vart brukt i den amerikanske marinen sine AEGIS-farty. Dette førde til redusert grad av utvikling og svært låg risiko for prosjektgjennomføringa, noko som var avgjerande ved val av våpensystem og sjølvforsvarsmissil på fregattane.

Krava til eksisterande sjølvforsvarsmissil, Evolved SeaSparrow Missile (ESSM), vart utvikla på 1990-talet. Missilet vart designa til å ha ei initiell levetid på 15 år. Framtidige nye og endra truslar gjer at det er behov for oppdateringar og vidareutvikling av luftvernmissilsystemet.

Føremålet med prosjektet er å sørgje for at Fridtjof Nansen-klassen har eit luftvernsystem som møter dette operative behovet. Det omfattar kapasitet til å gi fregattane eigenvern både mot dagens truslar og dei våpentruslane som kan ventast i åra framover. Likeeins skal fregattane ha evne til å virke saman med allierte marinestyrkar slik at dei kan samhandle for å oppnå større operativ evne. Systemet skal kunne vere operativt tilgjengeleg og teknologisk relevant og slik sikre vår evne til å innfri våre nasjonale oppgåver og internasjonale plikter. Prosjektet skal vidare sørgje for tilgang på reservedelar og sørgje for å oppnå mest mogeleg teknologisk utbytte og sparing ved  oppdateringar av luftvernsystemet gjennom samarbeid med andre nasjonar.

Den tilrådde løysinga inneber at Noreg deltek i utviklinga av Evolved SeaSparrow Missile Block 2 (ESSM Block 2) og deretter anskaffar dette missilet.

For å gi størst grad av eigenvern mot eit spekter av truslar, vert også fleire av Forsvaret sine eksisterande ESSM Block 1 levetidsforlenga. Dette gir ein missilbehaldning med to konfigurasjonar som Forsvaret kan nytte på best mogeleg taktisk måte. Våpensystemet (AEGIS) vert oppgradert før å handtere kjende truslar og  ESSM Block 2.

Tidsplanen som er lagt til grunn er at  prosjektet startar opp i 2014 og at det kan terminerast i 2026.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med statens kvalitetssikringsregime. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.