Overlevering av NOU om tolking i offentleg sektor

24. september 2014

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet inviterer til pressekonferanse med overlevering av NOU om bruk av tolk i offentleg sektor.

Regjeringas offentlege utval som har sett på bruk av tolk i offentleg sektor legg fram si utgreiing og sine anbefalingar til statsråd Solveig Horne.

Tid: 24. september 2014 kl 10.00

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59.

Klikk på bilde for å åpne video

Pressekonferansen blir streama direkte. For nett-media som ønskjer avtale om publiseringspunkt, ta kontakt med Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon/IFA Brukersenter på 22 24 50 00 eller ifa-brukersenter@dss.dep.no.

Tolkeutvalet

Tolkeutvalet har hatt i oppgåve å fremje forslag som skal sikre god kvalitet og effektiv organisering av tolking mellom norsk og andre språk. Tolking til og frå samisk og nasjonale minoritetars språk inngår i uvalets utgreiing. 

Utvalet har vore leia av spesialrådgivar og tidligare departementsråd i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Kari Lande Hasle. Utvalets medlemmar er representantar mellom anna frå politiet, helsevesenet og domstolane. 

Utvalets medlemmar:

  • spesialrådgivar Anne Kari Lande Hasle, Oslo, utvalgsleder
  • senterleiar Bjørn Engum, Hvaler
  • avdelingsdirektør Espen Frøyland,Oslo
  • einingsleiar Lena Grønland, Bærum
  • avdelingsleiar Süleyman Günenc, Nedre Eiker
  • seniorrådgivar Nils Øivind Helander, Kautokeino
  • avdelingssjef Mariann Hval, Drammen
  • seniorrådgivar Terje Karterud, Trondheim
  • professor Hanne Skaaden, Oslo

Her kan du lese meir om tolkeutvalet og deira mandat.