Priv. til red.:

Presseinvitasjon: Bok om fylkesmannens historie vert lansert på Eidsvoll

Yngve Flo har skrive bok om norsk fylkesmannshistorie etter 1814. Boka vert lansert når alle fylkesmennene møtast i Eidsvollsbygningen onsdag 4. juni.

Forsiden av boka med tegning av en embetsmann

Yngve Flo har skrive bok om norsk fylkesmannshistorie etter 1814. Boka vert lansert når alle fylkesmennene møtast i Eidsvollsbygningen onsdag 4. juni.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Fagbokforlaget ønsker pressa velkommen til boklansering på Eidsvoll:

Dag: onsdag 4. juni
Tid: kl. 13.30
Stad: Eidsvollsbygningen, Rikssalen

Om boka:

Yngve Flo:
STATENS MANN, FYLKETS MANN
Norsk amtmanns- og fylkesmannshistorie 1814–2014

Statens mann, fylkets mann følgjer dei norske amtmennene og seinare fylkesmennene gjennom 200 år. I 1814 var amtmennene, opphavet til den institusjonen vi i dag kjenner som Fylkesmannen, ektefødde søner av eineveldet. Likevel fekk dei ei nøkkelstilling i den nye norske staten som det viktigaste bindeleddet mellom kongemakt, storting og regjering på den eine sida og folket og lokale styringsorgan på den andre sida.

Verket representerer eit nytt og spanande perspektiv på norsk politisk historie, og gjev for fyrste gong ei brei historisk framstilling av korleis Fylkesmannen har handtert det mangfaldige oppdraget sitt, ikkje minst balansegangen mellom rollene som «statens mann» i fylket og som «fylkets mann» overfor staten.

Boka er rikt illustrert.

Yngve Flo er forskar ved UNI Research Rokkansenteret i Bergen. Dette bokprosjektet er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ta kontakt med glenn.mangeroy@fagbokforlaget.no for presse-eksemplar.

Pressekontaktar:
Yngve Flo, forfattar:
Tlf.: 416 49 295 / E-post: yngve.flo@uni.no

Frode Jacobsen, Kommunal- og moderniseringsdepartementet:
Tlf.: 99 52 34 95 / E-post: frode.jacobsen@kmd.dep.no

Glenn Jensen Mangerøy, Fagbokforlaget:
Tlf.: 975 56 626 / E-post: glenn.mangeroy@fagbokforlaget.no