Historisk arkiv

Prisen på korn aukar på verdensmarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) auka med heile 2,7 prosent i februar. Hovudårsaka var ein prisauke på kornråvarer (4,8 prosent) og vegetabilske oljer/protein (3,9 prosent).

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) auka med heile 2,7 prosent i februar. Hovudårsaka var ein prisauke på kornråvarer (4,8 prosent) og vegetabilske oljer/protein (3,9 prosent). IMFs matprisindeks består av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga innan varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, sjømat, sukker, appelsinar og bananar.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 3,4 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i kraftig prisauke på sjømat (23,2 prosent). Hovudårsaka er prisfall på andre typar råvarer som kornvarer, sukkerog vegetabilske oljer/protein.

kornaks
Prisindeksen for kornvarer på verdsmarknaden auka med 4,8 prosent i februar. Dette er den kraftigaste veksten for nokon månad sidan juni i fjor. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)