Historisk arkiv

Prisen på kveite fall på verdsmarknaden i juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 3,7 prosent i juni. Årsaka er blant anna eit fall i prisindeksen for kveite.

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 3,7 prosent i juni. Årsaka er blant anna eit fall i prisindeksen for kveite. IMFs matprisindeks består av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga innan varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, sukker, appelsinar og bananar.

Matråvarar
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 5,3 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i prisauke på kjøt (14 prosent). Hovudårsaka er prisreduksjon på kornvarer (18,5 prosent).

Fall i prisen på kornvarer
Prisindeksen for kornvarer på verdsmarknaden fall med 6,3 prosent i juni. Prisen for Kveite fall sterkast med 8,4 prosent, medan bygg og mais fall med 6,1 og 6,6 prosent. Prisen på ris auka med 2,7 prosent.  Dei siste månadene har særlig marknaden for kveite vore prega av prisoppgang som følgje av blant anna ugunstige vêrtilhøve i USA og Brasil og geopolitiske spenningar omkring Svartehavet. Årsaka til fall i prisen på kveite i juni skyldast truleg gode prognosar for avlingar i Europa.

Korn
Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 18,5 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom kornsesongen i 2012/2013 var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. (Foto: Torbjørn Tandberg).